Diskusjon:Jenkem

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hallusinogent[endre wikiteksten]

Det ser av kjelda ut som om det er metan som blir pusta inn, og å kalle metan for halusinogent trur eg er litt drøyt. Oksygenmangel gjer pussige ting med vitet, det. Så skal dette stå bør det vera uavhengige kjelder på at det er rett. (Å tru på kvart eit ord ein journalist skriv er vel ikkje tilrådeleg). --Ekko 10:16, 23 april 2007 (CEST)

Eg har retta på den engelske artikkelen av di han innleia med å omnemne emnet som "a methane-based dissociative hallucinogen". Eg har temmeleg god greie på psykoaktive emne, og som du skriv så er det ikkje truleg metan som gjer jenkem til eit så kraftig psykoaktivt hallusinogen som dei brukarrapportane som er kjende ymtar om. Eg er i staden tolleg viss på at det er det kjende psykoaktive alkaloidet indol som er ansvarleg. Dette finn ein mellom anna i ibogain. Eg vil òg fylgje opp dette på engelsk Wikipedia slik at fleire kunnige kan få kome med meiningane deira. __meco 00:01, 24 april 2007 (CEST)