Diskusjon:Jernvinne

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva er det denne artikkelen freistar å få fram? Handlar artikkelen om omnen eller om utvinninga? Innleiinga lyt vera klår og presis og ikkje minst nemna oppslagsordet. :-) --Harald Khan Ճ 1. februar 2009 kl. 14:45 (CET)[svar]

Artikkelen er ein spire som vi kan utvide ved å hente stoff frå artikkelen jernvinne i Noreg - og andre kjelder. Eg tolkar det slik at ordet jernvinne er bruka i tydinga jernframstilling. - Knut 1. februar 2009 kl. 14:55 (CET)[svar]

Kvifor ikkje flytta art. til Jarnutvinning? Sjølv om jern er lov høyrest det riksdansk ut. --Sigmundg 1. februar 2009 kl. 14:59 (CET)[svar]

I mi dialekt er jern heilt naturleg. Eg nyttar berre jern og kjem til å halde fast ved det til det evt. skulle kome ei endring i ordboka. --Frokor 1. februar 2009 kl. 17:34 (CET)[svar]
Det er ikkje skikken å flytte godkjende frå den eine godkjende forma til den andre, om nokon vil ha jarnstrid, må det vere ein kappestrid der ein opprettar nye artiklar med ordet i den forma ein helst likar det. Store norske leksikon har rundt 65 oppslagsord på jern-, Norsk Allkunnebok har like mange på jarn-, medan vi berre har 10, så her er det mykje å ta fatt på. Eg byrjar med Jarnfrid, så får andre følgje på : ) -- Knut 1. februar 2009 kl. 17:57 (CET)[svar]