Diskusjon:Jorda

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Planeten Jorda?[endre wikiteksten]

Eg er ikkje sikker på om artikkelen passar betre under Planeten Jorda. Skal Jorda då berre vera omdirigering, eller skal me la alle planetfaktaene liggja under Planeten Jorda og skriva om andre tema - som artane på jorda, jorda som guddom osb - under Jorda? Eg er litt usikker, det er derfor eg spør. -- Ranveig 21. jan 2005 kl. 19:04 (UTC)

Det er i grunnen det same for meg. Hovudgrunnen til at eg endra namnet frå Jorda til Planeten Jorda, var at dei åtte andre planetane vart flytta til Planeten Merkur, Planeten Venus, osb, så det verka som eit konsekvent val. Dessuten er artikkelen (per i dag) utforma som ein astronomisk artikkel.
Eg ser faktisk ikkje noko problem med å leggja andre typar informasjon om Jorda under overskrifta Planeten Jorda, heller.
--Verdlanco (diskusjon) 21. jan 2005 kl. 23:34 (UTC)
Eg vil tru grunnen til at artiklane om andre planetar har fått nye namn, er at det finst andre ting som heiter det same, nemleg dei greske og romerske gudane Merkur, Venus, Mars, Jupiter, Saturn, Uranus, Neptun og Pluto. Slik er det ikkje for vår eigen planet, og det skulle ikkje vera naudsynt å kalla artikkelen anna enn Jorda. Når det gjeld kva som skal takast med, er eg samd i at alt kan stå i same artikkelen. --Eddi 22. jan 2005 kl. 01:03 (UTC)
Godt poeng, Eddi! Korkje namnet Jorda eller namnet Tellus er vel lånt frå andre tydingar, så ordet «Planeten» er eigentleg overflødig. Men av symmetriårsakar med dei øvrige planetartiklane bør ein artikkel om Planeten Jorda eller Planeten Tellus finnast, i det minste som ei omdirigering.
--Verdlanco (diskusjon) 22. jan 2005 kl. 1201 (UTC)

Liten forbokstav[endre wikiteksten]

Etter det Språkrådet seier i Godt språk i lærebøker (1999) skal jorda, sola og månen alltid ha liten forbokstav. Denne regelen har vore endra på siste åra eine eller andre vegen, men gjeldande no er vel liten forbokstav? Pedanten Roar 6. februar 2009 kl. 08:03 (CET) Sjå og denne hos Språkrådet. Roar 6. februar 2009 kl. 08:14 (CET)[svar]