Diskusjon:Jul

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2005.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2005

Denne artikkelen har vore føreslått som ein god artikkel, men fekk ikkje samrøystes tilslutning. Dette er den arkiverte diskusjonen:

Jul[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Lang og god artikkel. Har vore synt fram på hovudsida. --EIRIK\diskusjon 13:14, 24 desember 2006 (CET)

Nokre av bolkane er kanskje litt korte, ja, kanskje skulle vi setje opp artikkelen som vekas dugnad? Det eg synest er fint med framlegg til gode artiklar er ar artikkelen ikkje nødvendigvis treng å vere heilt klar når ein nominerer han, men kanskje ein diskuterer litt kva som manglar og fiksar det i artikkelen. --EIRIK\diskusjon 13:55, 24 desember 2006 (CET)
Forrykande god artikkel! Raudrev 11:42, 16 februar 2007 (CET)

Det står om julekvelden at Nokre går i kyrkja på føremiddagen - når er føremiddagen? Dei fleste som går i kyrkja går mellom fire og fem, kanskje mellom to og tre, men er dette føremiddagen? Det står om juledagen at det er tabu å gå på vitjing til grannar. Det er kanskje ikkje rekna som nokon god skikk å vere juldagspetter, men her er tabu eit alt for sterkt ord. Knut 00:26, 25 desember 2006 (CET)

Meteorologisk sett er iallefall føremiddagen før kl. 12, og ettermiddagen etter kl. 12. --Frokor 00:36, 25 desember 2006 (CET)

Dette var bra saker. Men tvil om ein ting: Det står at kyndelsmesse berre har vore rekna som slutten på jula på Helgeland, men eg trur ein kjenner til dette frå andre delar av landet òg. Iallfall har mormor fortalt at dei hadde juletreet inne fram til kyndelsmesse. Ho kjem frå Orkdal. --Erlend 00:38, 15 mars 2007 (CET)

Artikkelen vil ha godt av ei opprydding for å nå ein betre standard. Ambisjonane er for høge, han spring gjennom to tusen år og verda rundt. Her er påstandar som kan vere rette, men som virkar lite truverdige. Dersom han får stjerne, vil det sementere tvilsame påstandar. Her er nokre døme, henta frå eitt avsnitt:
I Lukasevangeliet er hyrdane ute på markene og vaktar over sauane, noko som tyder på at fødselen fann stad under lemminga om våren. Vakta hyrdane berre sauane under lemminga? Den har eg aldri høyrd før.
Ein kan ha vald datoen 25. desember fordi han ligg ni månader etter Maria bodskapsdag 25. mars. Det er vel motsett, at Maria bodskapsdag er plassert ni månader før jul. Først feira ein hovudsakleg dei tre vise menn som kom med rike gåver til den nyfødde fredsfyrsten. Datoen for dette var 6. januarEr dette sant? , som òg blei sett i samband med dåpen av Jesus Her ser det ut som det er samanhang mellom dei heilage tre kongar og Jesu dåp, men det er det ikkje. Først på 800-talet fekk jula ein eigen liturgi. Kva tyder ordet først i denne samanhengen? - Knut 18:20, 15 mars 2007 (CET)
Fine, konstruktive spørsmål. Det meste av dette kjem frå engelsk Wikipedia, som sjølvsagt ikkje treng vera rett. Heldigvis finst det kjelder for det meste.
Hyrdane på marka: Poenget var at dei sov ute blant sauane heile natta. Dette pleidde ein ikkje gjera heile året (seier til dømes snopes.com) -- midtvinters ville det vel òg vore for kaldt til å gjera det, sjølv i Israel, legg eg til for eiga rekning.
Maria bodskapsdag: Eg trur dette er eit høne og egg-spørsmål; me veit ikkje heilt kva for dag som blei feira først. Sjå newadvent.org for meir interessant stoff om dette.
Heilage tre kongar: Det er sant hvert evig ord -- i det minst i den ortodokse kyrkja, som altså sette vitjinga og dåpen i samanheng.[1].
Først på 800-talet: 'Ikkje før' 800 år etter at frelsaren skal ha vore fødd.
Eg ser at formuleringar som for meg verka tydelege ikkje nødvendigvis er det, så sett i gang og skriv om.--Ranveig 19:25, 15 mars 2007 (CET)
1)Spørsmålet om når gjetarane sov ute blant sauane er kanskje det lettaste spørsmålet å finne svar på. Eg har ikkje svaret. 2) At ein svangerskap tek om lag 9 månader veit tilogmed menn; spørsmålet i denne samanhangen er om fødselen eller unnfanginga vart tidfesta først. Artikkelen argumenterer for at jula vart lagt til saturnaliafesten av strategiske grunnar. Det er truverdig. Like truverdig er det kjeldene du gav ovanfor skriv (at dei ressonerte seg fram til at Maria bodskapsdag rundt vårjamndøgn og nyår). Men slik det står i artikkelen, virkar det som Maria bodskapsdag vart feira først, og at folk sidan byrja feire Jesu fødsel. 3) Jesus var 30 år før han vart døypt, då var dei heilage kongane reist. Ein annan ting er at Jesu dåp i kyrkjeåret vert feira i januar. Knut 20:10, 15 mars 2007 (CET)
Eg har skrive ting litt klarare. Me veit ikkje heilt sikkert kvifor 25. desember er valt; det kan ha samanheng med Sol Invictus eller med Maria bodskapsdag. Datoane er symbolske, og mykje skal ha skjedd på same datoen, men i ulike år (fordi Gud styrte det slik, sjølvsagt) --Ranveig 21:02, 15 mars 2007 (CET)
Som sagt heng lista høgt, og eg trur i alle fall sjølv at kranglinga mi var med å løfte artikkelen. Emnet er for vidt til at artikkelen vert perfekt, men perfekt er for mykje å krevje. Artikkelen er god. Knut 21:47, 15 mars 2007 (CET)

i mange familiar les ein juleevangeliet, mange går til julegudstenester i kyrkja, er dette sant i Noreg? Mange fleire enn vanleg ja, men ein stor del av folkesetnaden i Noreg? Skeptisk! --Ekko 10:45, 18 juli 2007 (CEST)

SSB og forskning.no fortel om 2005: «På julaften gikk 591 690 av oss til kirken. Dette utgjør nesten ni prosent av det totale antallet besøk ved gudstjenester i Norge i løpet av fjoråret.»[2] 1/8 er vel mange? I kyrkja kan ein ikkje unngå juleevangeliet, som òg blir lese rundt forbi i media og på skular, så det blir vel til at mange får med seg det, òg. Men setningen du reagerte på er litt klønete, eg skriv om. --Ranveig 23:14, 4 august 2007 (CEST)

Informativt og bra på mange måtar, og berre ei hårsbreidd ifrå for-røyst frå meg. Eg synest me skal få fleire dei raude lenkjene i innleiinga (generelt har artikkelen litt for (eller altfor?) mange lenkjer, og nokre ord (t.d. jole- Lucia- og adventrelaterte ord) er lenkja til fleire gonger, slikt bør rettast), og i tillegg julebukk, nikolasdagen til å verta blå. Og så bør nokon sjå på om det er rett å skriva jol nokre stader og jul andre stader. Artikkelen inneheld litt «kanskje»-informasjon. Slike opplysningar bør verifiserast om dei er rette, og om dei framleis er usikre, bør me ha referansar. Eit par grundige gjennomgangar til av formuleringar (herunder moglege skrivefeil), fakta og unødvendige lenkjer, så er eg for. --Tannkrem 23:08, 8 februar 2008 (CET)

Røysting[endre wikiteksten]

  • For For --EIRIK\diskusjon 13:14, 24 desember 2006 (CET)
  • Mot Mot --KRISTAGAα-ω 13:19, 24 desember 2006 (CET)
    • For For --KRISTAGAα-ω 23:45, 10 februar 2008 (CET) (nå har artikkelen blitt mye bedre)
  • Imot Imot — bør utvidast og bli noko jamnare først. Olve 13:31, 24 desember 2006 (CET) Nøytral Nøytral — ting er betre no, men framleis noko ujamne. -- Olve 00:32, 15 mars 2007 (CET)
  • Imot Imot — eg er einig, enkelte bolkar er litt korte. For For --Frokor 14:54, 24 desember 2006 (CET)
  • For For Imot Imot Knut 00:26, 25 desember 2006 (CET)- men det er mest fordi det høver med ein juleartikkel i jula. Og god jul! >For ForSjå kommentar.
  • For For Artikkelen er blitt temmeleg utvida sidan desse stemmane blei gjevne. Nokre som har lyst til å endra ein imot til for? (eller for til imot? Får endeleg håpa ikkje det!) --Ranveig 23:51, 14 mars 2007 (CET)
  • For For Forbetringspotensiale, men det er av di emnet er særs stort. --Ekko 10:55, 18 juli 2007 (CEST)
  • For For --Gunnernett 18:36, 18 august 2007 (CEST)
  • For For -- stykkjet 18:29, 21 desember 2007 (CET)
  • For For --Cato 20:05, 7 februar 2008 (CET)
  • Imot Imot førebels. --Tannkrem 15:33, 18 februar 2008 (CET)