Diskusjon:Justin Miller

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dersom nokon veit kva for ein dato Justin Miller er fødd, er det fint om de kan leggje til det!

--Cato 21:17, 13 desember 2006 (CET)

Men kven er denne personen? Han har ikkje ein gong eigen artikkel på en:, ser det ut til. Der har dei ei eiga fleirtydingssida, men han er ikkje ført opp. --Tannkrem 21:21, 13 desember 2006 (CET)
Eg trur ikkje personen er kjend nok til å ha Wikipedia-artikkel. Med slike personar kan det vere lurt å sjekke om en: har artikkelen før ein opprettar han her. --EIRIK\diskusjon 21:36, 13 desember 2006 (CET)
Han er ein ung kokebokforfattar. «Fifteen-year-old Justin Miller, of Baden, Pa., published "Cooking With Justin: Recipes for Kids (and Parents) by the World's Youngest Chef" when he was 7, earning him the title of youngest published chef.»[1] På nettstaden hans står han til og med oppført som verdas yngste forfattar med ei bokutgjeving[2], men det er eg ikkje sikker på om stemmer. Men uansett ein kjend person. --Ranveig 02:17, 14 desember 2006 (CET)

Justin Miller er ein kjend person, han er godt kjend i USA og er i fylgje Guiness World Records 2003 verdas yngste kokk med eiga kokebok. Vi må jo kunne opprette artiklar som ikkje står på engelsk,kva er vitsen med å kome med ideear då? Dersom andre må ha kome med ideen før deg? --Cato 19:04, 14 desember 2006 (CET)

OK. Meiner de han er kjend nok til å ha ein eigen artikkel. Cato: Sjølvsagt kan vi opprette artiklar som ikkje en: har, men det er berre ein peikepinne på kva som kan vere aktuelt å ha. Eg har aldri sagt at en: er ein fasit på kva artiklar vi bør ha. --EIRIK\diskusjon 19:20, 14 desember 2006 (CET)
Om han er veldig kjend, er det rart at han ikkje er lista opp på fleirtydingslista på en:. Eg trur nok at han kan vera kjend nok til å ha artikkel om. Men når han ikkje står på andre wikipediaar, må me ha kjeldene inn i artikkelen, helst før nokon spør etter dei.
Bortsett frå det, er det kjempeflott at nn: har artiklar som ikkje finst på andre språk. --Tannkrem 20:50, 14 desember 2006 (CET)