Diskusjon:Kabaret

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kabaret kjem vel frå det franske order «cabaret», som ikkje vert skrive med «accent aigu» (´). Eg tykkjer difor det verkar rart om det skal uttalast «kabaré» på norsk. Kva meiner språkkjennarane om dette? --Sigmundg 7. november 2009 kl. 12:50 (CET)[svar]

Eg skal ikkje skryte på meg å vere «språkkjennar», men nynorskordboka på nett seier det same som artikkelen. --EIRIK\diskusjon 7. november 2009 kl. 14:21 (CET)[svar]
På skjemen min står det «utt kabare>», med «>» er truleg eit fontproblem. I papirutgåva [1] står det «utt kabare/». Eg er heller ingen språkekspert, men på side XV i [1] står det forklart at dette er ein «høgrevendt aksent», «akuttaksent». Men [1] nyttar òg aksenten «´», til dømes i «gelé», så det ser ut for at dei skil mellom aksentane «/» og «´». I [1] er òg «/» nytta i ord som «stasjo/n» og «re/tina». Vi kan sjølvsakt trekkja ut e-en i «kabaret» på norsk sjølv om franskmennene ikkje skriv «cabaré». Dette er ein nyanse, som neppe kan sjåast på som viktig. Grunnen til spørsmålet mitt var mest nysjerigheit. Men ein av språkvitarane kan truleg gje ei forklaring på dette. --Sigmundg 8. november 2009 kl. 01:04 (CET)[svar]
== Referanse ==
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Hovdenak et al., Nynorskordboka - Definisjons- og rettskrivingsordbok, Det norske samlaget, 1993.