Diskusjon:Kalibrering

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein treng vel ikkje å kalibrar eit innstrument mot eit anna? Ein kan vel nytta eit kjent inngangssignal? Som t.d. å kalibrera ei vekt mot ein standardisert kilo. --Ekko 19:20, 19 april 2007 (CEST)

Ja, du har rett. Når alt kjem til alt, vil dei fleste metriske verdiar og målenormer kunna sporast attende til noko som det ikkje finst feilmarginar på, til ein absolutt fysisk storleik. Og måleinstrumenta vil vera kalibrerte ut frå den storleiken, ikkje omvendt. Tidlegare brukte ein t.d. ein standardisert stav som den øvste målenorma for kva ein meter var. I dag er dei fleste einingar målte ved hjelp av utrekningar. Ein meter er i dag "strekninga lys forplantar seg i vakuum i løpet av nøyaktig 1/299.792.458 sekund". Eit sekund er definert som "9 192 631 770 periodar av strålinga som svarar til overgangen mellom dei to hyperfine nivåa av grunntilstanden til cesium-133 atomet ved det absolutte nullpunktet, 0 K." Null kelvingrader, det absolutte nullpunktet for temperatur, er eit mål som ikkje har feilmarginar, dermed kan ein bruka det som øvste målenorm (på same måte som vakuum). Så når du går heilt til topps, til den øvste målenormalen, vil du finna ein absolutt storleik, og ikkje eit måleinstrument som måler variable storleikar.
Den standardiserte kiloen er målt på eitt eller anna tidspunkt (kiloen er framleis definert etter ein dings, ikkje etter ein absolutt, matematisk storleik, slik som andre SI-einingar). Så slik sett vil det i prinsippet vera det same som å måla det same trykket med to ulike instrument, og kontrollera det eine instrumentet sitt måleresultat opp mot det andre. Så vanlegvis brukar ein i praksis eit inngangssignal som er definert av eit måleinstrument.
Det vil vera meir rett å seia at ein måler etter ein målenormal. Men i dei aller fleste tilfelle vil normalen vera definert av ein verdi som ein får frå eit måleinstrument. Og eg trur det vil vera lettare å sjå føre seg korleis ein gjer det, om det står måleinstrument. --Tannkrem 20:55, 19 april 2007 (CEST)