Diskusjon:Karakter

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen inneheld ein del opplysningar eg er usikker på om er heilt rett. Eg meiner at bokstavkarakterane i høgare utdanning kom hausten 2002 (iallfall på vitnemålet mitt), men kanskje vart dei innført på ulike tidspunkt på ulike skolar. Og var det ikkje slik at talkarakterane i ungdomsskolen kom samtidig med reform 1997? Lurer òg på om dårlegaste talkarakter er 0, ikkje 1. --Erlend 21:36, 24 november 2006 (CET)

Bokstavkarakterane vart brukte fram til 1999 for dei elevane som byrja på ungdomsskulen i 1996. Så avgangselevane i 1999 fekk bokstavkarakterar. Men likevel er setninga upresis. Det er òg nok av andre upresise påstandar i denne artikkelen. --Tannkrem 18:34, 27 desember 2006 (CET)
Forresten er ordet karakter ei nemning på noko anna, så eg føreslår at denne artikkelen vert flytta til karakterar. --Tannkrem 18:40, 27 desember 2006 (CET)

:::For For'/' Kurtber|Ordskifte 19:36, 27 desember 2006 (CET)

Artikkelen er eit godt utgangspunkt, men den kan trenge ei grundig omskriving med presiseringar og kjeldetilvisingar (og formattering). / Kurtber|Ordskifte 19:36, 27 desember 2006 (CET)
Ombestemte meg :-) Ranveig si grunngjeving for å flytte artikkelen vekk frå Karakterar er god. Eg føreslår å flytte han til Utdanningskarakter eller Skulekarakter, e.l./ Kurtber|Ordskifte 19:56, 27 desember 2006 (CET)
Meiner det er best med ei fleirtydingsside om det skulle bli mange karakterar. Enn så lenge meiner eg karakterar i skolen bør ha hovudsida. stykkjet 20:10, 27 desember 2006 (CET)
Caplex set eigenart og kjennemerke først. Det same gjer ordbøkene til Dokumentasjonsprosjektet. Eg tykkjer vi skal flytte den her artikkelen til noko sånt som Skulekarakter, og legge inn ei omdirigering dit heilt til nokon skriv noko på Karakter. / Kurtber|Ordskifte 02:16, 28 desember 2006 (CET)
Ordet «karakter» har mange tydingar, men kor mange av dei treng eigen wikipediaartikkel? Viss det skulle vera nødvendig med flytting kan kanskje «karaktergjeving» vera brukande, då dekker han alle slags skular og universitet. --Ranveig 11:18, 28 desember 2006 (CET)

Denne artikkelen inneheld ein del opplysningar eg er usikker på om er heilt rett. Eg meiner karakteren 0 ikkje vert bruka i ungdomsskolen, slik at dei der har skalaen 1-6, medan vgs har skalaen 0-6. Og ei veit at det i ungdsomsskulen vart gjeve oppførselskarakterar opp i svært bra (Kjelde: Eige vitnemål) På nynorsk skreiv dei kanskje sers godt. - Knut 23:06, 20 november 2007 (CET)