Diskusjon:Karl Ludvig Reichelt (1877-1952)

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vi har to artiklar om to ulike Karl Ludvig Reichelt, med årstal etter som skille mellom dei to. Det kjenst ikkje heilt rett å gjere det på denne måten, spesielt sidan vi ikkje nyttar parantesar ellers. Nokre gode framlegg til korleis vi kan gjere dette? Er Misjonær Karl Ludvig Reichelt ein god tittel, eller er ei fleirtydingside vegen å gå? stykkjet 15:12, 20 desember 2007 (CET)

Parentesar med fødsels- og dødsår skil seg ut frå parentesar av typen «rom (båt)» med at dei faktisk blir bruka slik i vanleg tekst: «Ola Knutsson Yttervangshjellen (1896-1970) var son av Knut Olsson Yttervangshjellen (1871-1917), som i sin tur var son av Ola Knutsson Yttervangshjellen (1835-1874).» Derimot er det ikkje vanleg å skrive «rom (hesje)», «tysk (språk)» eller «mars (planet)» i samanhengande tekst. -- Olve 16:44, 20 desember 2007 (CET)