Diskusjon:Karl Marx

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen har vore føreslegen som ein god artikkel, men fekk ikkje mange nok røyster. Dette er den arkiverte diskusjonen:

Karl Marx[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Ein lang artikkel, omsett frå bokmål av meg, språkvaska av Erling, og er dessutan ein kjerneartikkel. Martin NH 17. juli 2008 kl. 23:22 (CEST)[svar]

Berre kjapt: Eg vil ikkje røysta for denne artikkelen så lenge artikkelen om marxisme er så dårleg som han er. Skal lesa gjennom denne artikkelen når eg får tid. --Tannkrem 18. juli 2008 kl. 11:57 (CEST)[svar]
Godt poeng, er det ynskjeleg med ei omsetjing av den engelske versjonen? I så fall kan eg prøve meg på ei omsetjing av den. Martin NH 18. juli 2008 kl. 16:51 (CEST)[svar]
Eg har alt (i dag) utvida artikkelen om marxisme med tilfang frå dansk wikipedia. Sjølvsagt kan han utvidast endå meir, men sjå på han slik han er no først. --Erling 18. juli 2008 kl. 17:26 (CEST)[svar]
Sjå det, eg tykte artikkelen ser bra ut no. Det kan eventuelt fyllast på med info frå en etter kvart. Martin NH 18. juli 2008 kl. 17:32 (CEST)[svar]

Difor røystar eg mot:

  • Særleg innleiinga har store manglar.
    • "mest kjend for handsaminga av klassekampen". Nei, han er mest (eller iallfall like mykje) kjend for analysen og kritikken av den kapitalistiske økonomien.
    • Dette avsnittet: "Den fyrste setninga i verket Det kommunistiske manifest, «Det går eit spøkjelse gjennom Europa – spøkjelset til kommunismen», er illustrerande for innverknaden hans i politisk og sosial ideologi." seier meg svært lite. Setninga seier faktisk absolutt ingenting om det ein leksikonlesar er interessert i å vita når han slår opp på Karl Marx i eit leksikon, med mindre Nynorsk Wikipedia vil at lesarane våre skal tru at Marx var eit spøkjelse. Sitat skal heller ikkje setjast om.
    • "I levetida si var Karl Marx ein relativt ukjent person utafor visse sosialistiske krinsar" er ein meiningslaus påstand. Ukjende personar vert ikkje jaga ut av land etter land medan dei leier store kommunistparti.
    • Så står det om påverknaden Marx har hatt i verda, og det er lista opp "Russland. Aust-Europa, Kina, og delar av den tredje verda elles". Men også arbeidarrørsla i den vestlege delen av verda har jo vore sterkt influert av Marx. Dei har berre ikkje fått statsmakt, om ein då ser vekk frå sosialdemokratiske parti som seinare har gått vekk ifrå målet om sosialisme /kommunisme. Generelt kan det vel òg diskuterast kor mykje påverknad Marx eigentleg hadde på t.d. Mao sitt Kina, utover det å setja ord på noko som tidlegare hadde vore ein slags utopi.
    • Innleiinga seier ingenting om det viktigaste verket hans, Das Kapital, og nn: har heller ikkje ein artikkel om dette verket, som burde vera ein viktig sideartikkel til denne, om han ein gong skulle nå opp til det ønskte nivået.
    • Oppramsinga av namn i siste avsnitt av innleiinga er òg temmeleg uinteressant om ein vil vita noko om Marx som person, som filosof, økonom, politikar eller forfattar. Og det er vel gjerne slikt ein ynskjer å vita i innleiinga til ein leksikonartikkel om mannen.
    • Når innleiinga gjev inntrykk av at det viktigaste (det einaste) ein kan læra av Marx handlar om klassekampen og om sosialismen, er det merkeleg å ikkje inkludera Engels. Første setninga i artikkelen om Engels gjev mykje meir etterretteleg og forståeleg informasjon om denne delen av Marx sitt arbeid.
  • Avsnitta under overskrifta "Familien og byen" handlar korkje om familie eller by, men utelukkande om kva religion faren valde, og kvifor. Eg ser ikkje kvifor dette er viktig nok til å starta artikkelen med, særleg når Marx ikkje eingong var spesielt religiøs.
  • Kjeldelista seier ikkje noko om at artikkelen er omsett frå bokmål. Martin NH fortel oss heller ikkje om han har sjekka kjeldene. I det heile ser det ut til at litteraturlista på nb: berre er ei lang lista med litteratur, og ikkje har særleg mykje å gjera med kva som reelt sett er brukt som kjelder. Og då er det berre folk som veit mykje meir enn meg om Marx som eigentleg kan vurdera kor korrekt artikkelen er.
  • Artikkelen nådde heller ikkje opp til det høgaste nivået av utmerkingar på nb:, der han har vorte jobba med i eitt og eit halvt år, noko som i seg sjølv bør fortelja oss at artikkelen ikkje er god nok.
  • Språket flyt ikkje godt nok, og ber preg av at dette er ein omsett artikkel.

Det er ein lang og informativ artikkel. Men det at ein artikkel er lang er ikkje nok til å merka han som "God". Det er flott at nokon gidd å setja om brukbare artiklar frå nb: og andre stader, men artikkelen treng mykje meir arbeid for å verta utvald som ein av dei aller beste me har. Ein bør vera litt meir kritisk enn dette, både til den opphavlege artikkelen og si eiga omsetjing, før ein legg dei inn på kandidatsida, synest eg. --Tannkrem 21. juli 2008 kl. 22:04 (CEST)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]

Hei og velkommen til wikipedia! Du (eller de?) kan få brukarnamn her). Det er kjekt å sjå at fleire kjem til, og du/de har skrive nokre gode artiklar om sosialisme, Karl Marx og Vladimir Lenin. Eit lite tips: Ein kan senda brukarar direkte til ein artikkel frå ein alternativ skrivemåte ved å bruke #REDIRECT [[namn på artikkel]]. Altså, viss du vil senda folk frå Lenin til Vladimir Lenin skriv du i artikkelteksten til Lenin følgjande:

#REDIRECT [[Vladimir Lenin]]

Eit anna tips er at, sidan sjangeren på wikipedia er liknandes den i andre oppslagsverk, bør ein prøva å halda artikkelen så objektiv som mogleg. Det er sjølvsagt mest umogleg å skriva objektivt om dei fleste ting her i verda, og spesielt når det gjeld innnan typisk "subjektive" fag som historie og politikk. Eg skal skrive om artikkelen din noko for å prøva å syna kva eg meiner. Du kan gå til her for å samanlikna den forrige versjonen med den eg skreiv.

Innan Wikipedia-krinsar vert dette ofte kalla NPOV, noko som står for "Neutral point of view". Det er vel eit ideal ein bør streba mot, sjølv om enkelte saker eigentleg aldri kan skrivast om frå ein nøytral synsvinkel. Her er dei engelske retningslinjene for nøytralitet. Å skrive kva mange andre meiner er heller ikkje nødvendigvis nøytralt, sjølv om ein berre "refererer" til kva andre meiner. I staden for å skrive "Mange meiner at Bill Clinton var ein av dei beste amerikanske presidentane sidan andre verdskrig", bør ein heller skriva "Bill Clinton var president av USA frå 1996 til 2000", for det vil alltid vera mange som meiner det motsette.

Uansett, kjempekjekt å sjå deg/dykk her, og eg vonar me ser mykje av dykk frå no av! Bjarteleg helsing. 13:47, 24 Sep 2004 (UTC)

Kva er poenget med å ha med bilde av desse austtyske pengesetlane i artiklane om Marx og Engels?--Erling 25. apr 2005 kl. 1903 (UTC)

Det er nokon som har skanna inn og lagt inn bilete på http://commons.wikimedia.org/wiki/Karl_Marx Her er det tre svart/kvitt bilete. Berre pengesetelen er i farge. Pengesetlane gjev litt fargerikdom. I tillegg er dei eit døme på korleis bileta er brukt. --Gunnernett 25. apr 2005 kl. 1917 (UTC)
Utan samanlikning for øvrig: Nazistane brukte bilete av Luther som døme på god tysk kultur. Ville vi bruka ein naziplakat når vi skulle illustrere Luther? --Erling 25. apr 2005 kl. 1928 (UTC)
Marx og Engels var avbilda på dei austtyske pengesetlane. Det er interessant å sjå at dei var førebilete for DDR, og korleis dei blei avbilda. Pengesetlar er òg blitt brukte til å illustrera artiklane om Clara Zetkin og Selma Lagerlöf (men den siste er visst blitt borte sidan sist). Det er poenget, men kva er problemet med å gjera slikt? -- Ranveig 25. apr 2005 kl. 2029 (UTC)
Problemet er at Marx har like lite med det stalinistiske regimet i DDR å gjere som Jesus har med inkvisisjonen. (Framleis utan samanlikning for øvrig). For å nemne berre ein ting: Marx og Engels var sterke motstandarar av pressesensur...treng eg verkeleg å seie meir?--Erling 25. apr 2005 kl. 2039 (UTC)
Verken me eller Marx kan noko for at DDR valde å bruka han og anna godtfolk på setlane sine. Det treng då ikkje tyda at han (eller me) støtter det dei gjorde? -- Ranveig 25. apr 2005 kl. 2128 (UTC)
Problemet kunne vore at dersom biletet ikkje gjev meir relevant informasjon er det overflödig, men eg trur de har vist at for min del kan det få bli. Eg har elles lite tru på at attgjevinga av setlane faktisk er fri eller PD som det vert hevda på Wikimedia Commons, men eg veit ikkje kva "rasjonale" som ligg bak. --Guttorm 25. apr 2005 kl. 2052 (UTC)
Når dei har overlevt lenge på de: og commons, må eg nesten tru at dei har støtte i ein eller annan lov. Kanskje noko liknande USA-statleg utgjeving? -- Ranveig 25. apr 2005 kl. 2128 (UTC)
Du har eit poeng, men eg har inntrykk av at biletelukingsprosessen på de ikkje er bra, ser ut som om det er nok å merka eit bilete med PD for at det skal få stå i ro ganske lenge.
Når eg sette inn setel- bileta var det berre fordi at 1) setlane er fargerike 2) setlane er eit døme på korleis bileta av Marx og Engels er brukt. Ein kunne kanskje skriva noko om det i teksten at bileta er noko nær eit "ikon", som er og har vore nytta av ymse styresmakter, til dømes i Sovjetunionen og DDR. Når det gjeld dette med opphavsrett så er setlane skanna inn eller fotografert av ein wikipedia- brukar. På commons har eg ein eller annan stad sett at ting utgjeve av i alle høve Sovjetunionen er PD før eit eller anna år ... --Gunnernett 26. apr 2005 kl. 1120 (UTC)
Dei skriv noko slikt om verk frå Sovjetunionen før 1974-eller-noko-slikt. No er no statleg-PD frå kva som helst land problematisk uansett. Det er ikkje nødvendigvis sikkert at sjølv om noko er tvunget ut i eit land sitt PD (USA/USSR/DDR) så er det PD over heile verda, sjå [1]. Når det gjeld opphavsrett i DDR så er eg ganske sikker på at den ikkje går inn under USSR logjeving, men heller tysk lovgjeving. Tysk lovgjeving er veldig lik norsk såvidt eg forstår og er like tilbakevirkande (for både BRD og DDR) som den norske. Med andre ord: det som før var PD er ikkje nødvendigvis PD no. --Guttorm 29. apr 2005 kl. 1416 (UTC)
de.wikipedia har sin eigen Sovjetunionen-PD-mal her og diskuterar emnet her og her. Sjølv har eg ikkje sett meg inn i diskusjonen, men det er jo mogleg andre er interessert. --Guttorm 30. apr 2005 kl. 1836 (UTC)
Ranveig skreiv: "Verken me eller Marx kan noko for at DDR valde å bruka han og anna godtfolk på setlane sine. Det treng då ikkje tyda at han (eller me) støtter det dei gjorde?". Nettopp, det ville vere heilt feil om Marx skulle få skulda for det, men det får han no likevel av mange på høgresida. De bidrar til denne "guilt by association" ved å bruke desse setlane som illustrasjonar i Marx-artikkelen (og likeins Engels og Zetkin). Dersom de tykkjer setlane er fargerike og fine, bør dei brukast i ein artikkel om DDR og deira (mis?)bruk av personlegdomar frå sosialismens historie, og ikkje omvendt som no. Tida går som kjent framover, ikkje attover. --Erling 26. apr 2005 kl. 1547 (UTC)
Eg tykkjer ikkje setlane er så veldig nødvendige (særleg når det gjeld Marx, sidan det ser ut som om det er same biletet som er utgangspunkt for seddelen som det som blir brukt i artikkelen ellers), men det du har skrive over om "guilt by association" er kanskje verd og nemna i artikkelen er bildeteksten til setelen? --Guttorm 29. apr 2005 kl. 1416 (UTC)


Kjeldetilvising/referanse trengst for oppsiktsvekkjande påstandar[endre wikiteksten]

Frå bolken om jødedomen: "Marx meinte at dersom folk blei tillatne å praktisere nokon religion ville dei ikkje vere frie, og dersom dei kunne inneha det dei skapte ville dei heller ikkje vere frie. Marx spådde at jødane ville forsvinne, dvs. slutte med å vere jødar i religiøs forstand så snart alle ville bli forbodne å praktisere religion, eige ting eller å arbeide for seg sjølv." Dette må det leggjast ved kjeldetilvising på, dersom det er sant. --Erling 17. juli 2008 kl. 21:18 (CEST)[svar]

Ja, det er sant, stussa på det sjølv då eg omsette. Kanskje eg skal spørje på "bm", om dei har referanse på utspelet. Martin NH 17. juli 2008 kl. 21:49 (CEST)[svar]
Det kan du gjere. I mellomtida synest eg vi kan ta ut akkurat dette. Eg trur det er ei veldig spesiell tolking av det Marx skreiv om denne saka vi står overfor her...--Erling 17. juli 2008 kl. 22:03 (CEST)[svar]
Eg har no lese gjennom dette skriftet av Marx, og det som står på bm om dette, er etter mi tolking rett og slett feil. Det verste er no teke ut av denne bolken her på nn, men eg meiner bolken likevel bør omskrivast. Størstedelen av skriftet til Marx er ein argumentasjon for at alle har rett til politisk frigjering og politiske rettar, same kva religion dei har. Og så til slutt tek han opp rolla til profittjaget i samfunnet, og kritiserer denne, same om det er jødar eller kristne som står bak. Altså eigentleg ein kritikk av kapitalismen. Somme av formuleringane hans ville ikkje eg ha bruka, men poenget er likevel klart nok, tykkjer eg. Ingen plassar seier Marx at han vil forby religion eller det å ha inntekt av eige arbeid. Sjå sjølv, her: [2]--Erling 18. juli 2008 kl. 12:12 (CEST)[svar]
Eg har no skrive om denne bolken, og håpar formuleringane er dekkjande for slik også andre tolkar skriftet (sjå lenkje ovanfor). Bokmålswikipediaen si framstilling er sterkt misvisande. --Erling 18. juli 2008 kl. 13:37 (CEST)[svar]