Diskusjon:Keltiske språk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg ser at kjenneord er endra til determinativ. Kva er gale med artikkel som me lærte om på skulen? --Ekko 1. jan. 2006 kl. 20:09 (UTC)

Problemet er at den klassen er for liten. På norsk er (etter skolegrammatikken) ein, ei, eit (og berre dei tre) artiklar, men det er umogleg å skilje dei syntaktisk frå ord som det, dei (ut over skilnaden i bestemtheit), alle står dei først i NP-en foran adjektiva. På engelsk står a, the i komplementær distribusjon i NP-en. Terminologien eg bruker er i samsvar med Norsk referansegrammatikk. Det som er omstridd blant grammatikarar er skilnaden mellom determinativar (som modifiserer substantiv) og pronomen (som erstattar substantiv), sjølv vil eg gjerne (og mange andre) oppretthalde skiljet, men det finst altså dei som ikkje vil det. På skolen lærte vi også om "den bestemte artikkelen" -a, i boka, husa, dette er enno verre. -a er her suffiks, som uttrykker ulike grammatiske trekk i dei to ordformene. Hmm, eg ser vi manglar den ordklasseartikkelen. Trondtr 4. jan. 2006 kl. 20:50 (UTC).
Jau :-)
Me skriv vel for den opplyste ålmenta, og dette synest eg blei i overkant vanskeleg. Ordklasseartikkel ja takk. --Ekko 4. jan. 2006 kl. 22:08 (UTC)
Eg skal sjå på det. God natt :-) Trondtr 4. jan. 2006 kl. 22:14 (UTC).