Diskusjon:Khiosmassakren

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Etter alle protestane og press frå organisasjonen Philhellenism bestemte Sultan Bechit at khiotarane skulle få fritt leide til øya igjen. I ein periode sponsa han til og med dette.

Dette er eg usikker på, sjølv om det står i boka mi. Det er grekarar som bur på øya i dag, kor kjem dei frå? Hogne 02:42, 21 oktober 2007 (CEST)

Det var mange tyrkarar som budde "overalt", sikkert òg inkludert på Khios, i Hellas fram til 1922-1923. Samstundes budde det mange grekarar i det som i dag er Tyrkia. Etter at grekarane blanda seg inn i den tyrkiske sjølvstende krigen (Den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922), og tapte, så vart det sett i stand ein folkeutvekslingsavtale der alle tyrkarar i Hellas vart flytta til Tyrkia og alle grekarar i Tyrkia vart flytta til Hellas. Eg vil tru at om det då var tyrkarar på Khios så vart dei "byta ut" med grekarar frå stader i Tyrkia. --Frokor 11:15, 21 oktober 2007 (CEST)
Tja kanskje, men kjeldene eg har tyder på gresk befolkning på Khios også seint på 1800-talet. Eg kan ikkje fransk, men eg ser at artikkeln der er omfangsrik. Er det noko å lære derifrå? Eller kanskje nokon har lese David Brewer, The Greek War of Independence ? - Hogne 21:45, 22 oktober 2007 (CEST)
Eg har ingen kjelder å vise til, men så vidt eg har forstått av dei greske artiklane eg skreiv så budde grekarar og tyrkarar om ein annan under den osmanske perioden, men etter folkeutvekslinga så vart dei fleste tyrkarane flytta ut av dei greske områda og motsett. --Frokor 23:25, 22 oktober 2007 (CEST)