Diskusjon:Kjetil A. Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Skal sida Kjetil A. Lie vere ein spire no lenger? Kan eg endre dette? Mvh, Egil Arne

Inga spire, berre ta vekk merket. Men fint om du finn ei kjelde for den siste setninga. --Ekko 09:54, 10 desember 2007 (CET)

Takk for svar om spire. Når det gjeld denne setninga, så treng eg berre å sjå på partia for å sjå at dette som eg skriv er rett. Men eg skal skrive noko om kva sjakkopningar dei ulike spelarane brukar etter kvart, og i 33 årgangar med Norsk Sjakkblad frå 1975-2007 finn eg vel også noko, når eg får tid - når no det måtte bli :) Mvh, Egil Arne

Eg trur deg eg, men då er me inne på det med «inga original forskning». Her skal ikkje stå ein einaste original tanke, berre det som er skrivi før og som kan dokumenterast. --Ekko 09:02, 11 desember 2007 (CET)