Diskusjon:Kjevle

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det sant at I vår tid (2007) vert kjevle mest nytta i samband med julebakst, for å halda på tradisjonen.? Kva med pizza, samosa og empanadas? --Ekko 22:49, 27 august 2007 (CEST)

Jau, du er inne på noko der. Det er nok rom for mange forbetringar i denne artikkelen. --Sigmundg 22:51, 27 august 2007 (CEST)

Kjelde manglar[endre wikiteksten]

Kva for opplysningar saknar de kjelde på? Er ikkje dette kvardagsopplysningar som bygdefolk flest med kjennskap til gammaltida kan stadfeste? Eller er det tvilsame opplysingar de vil diskutere? Med litt leiting vil eg tru eg kan finne kjelder for å stadfeste det som er skrive, men strengt tatt synst eg det er å kaste bort tid. -Knut 4. juni 2008 kl. 20:13 (CEST)[svar]

Tja, er det så mange i dag som hugsar at bakstekjerringane for rundt? Eg gjer det ikkje. Eg har berre høyrt om det og lese om det (men eg hugsar ikkje kvar eg las det). Grunnen til at eg sette inn denne malen var at det ikkje er sjølvsagt at dei som veks opp i dag har hørt om bakstekjerringane. Skuleelevar som leitar etter stoff til særoppgåver til dømes kunne ha god nytte av ein referanse til meir utfyllande stoff.

Sigmundg 5. juni 2008 kl. 17:15 (CEST)[svar]

Eg hugsar i alle fall snakket om bakstekjerringane....
Poenget mitt var at slikt artikkelen står no, ser det ut til at påstanden vert trekt i tvil. Men eg har funne ei kjelde, og så skal eg omformulere den delen av setninga som ikkje heilt held. Utan kjelde : ) - Knut 5. juni 2008 kl. 17:28 (CEST)[svar]
Nei, det tykkjer eg ikkje. Denne malen dreg ikkje påstanden i tvil, men er eit hint til andre om å hjelpa til med å finna ei høveleg kjelde. --Sigmundg 5. juni 2008 kl. 18:58 (CEST)[svar]

Ein annan ting er at artikkelen blandar kuriosa (det om skjemtegaukane) og fakta. Eg har sans for å skilje slikt med mellomoverskrifter. -Knut 5. juni 2008 kl. 17:34 (CEST)[svar]

Det kan du ha rett i. --Sigmundg 5. juni 2008 kl. 18:52 (CEST)[svar]