Diskusjon:Klarsyn

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg ser ikkje at ordet "påståtte" tilfører artikkelen noko, og derofr ser eg tilføyinga som noko uleksikalsk. Men eg vil ikkje starte redigeringskrig. Spørsmålet er etter mitt syn - og så vidt eg forstår, også etter Ola Raknes sitt - ikkje om klarsyn finst, men korleis ein kan forstå fenomenet. --Knut 21. februar 2009 kl. 23:24 (CET)[svar]

Når du seier den evna dei har så seier du at fenomenet finst. Og som det står seinare i artikkelen, det er omdiskutert. --Ekko 21. februar 2009 kl. 23:49 (CET)[svar]
Men når vi seier at klarsyn er den påståtte evna, seier vi at folk som påstår dei er synske, har slike evner. Det vert feil. Eg veit ikkje om det finst klarsynte menneske i Noreg. Men det kan vere mange som påstår å ha slike evner. Så eg trur vi bør formulere oss på ein annan måte. Som sagt er det ikkje så lett å finne seriøse kjelder som kan hjelpe oss med å skrive om slike emne. --Knut 22. februar 2009 kl. 07:16 (CET)[svar]
Då formulerte eg meg i tilfelle 180 grader feil. --Ekko 22. februar 2009 kl. 10:14 (CET)[svar]
Eg omformulerte noko. --Knut 22. februar 2009 kl. 09:39 (CET)[svar]