Diskusjon:Klassifikasjonsnøkkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg har ei kjensle av at nøkkelen har sett seg fast i låsen...... Johannes Lid skriv berre hovudnøkkel og nøkkel, men desse orda er vel for lite eintydige til å vere gode oppslagsord. På bokmål brukar dei ordet bestemmelsesnøkkel. Fastsetjingsnøkkel verkar for meg vere eit konstruert ord. Kling ikkje identifikasjonsnøkkel betre? Andre framlegg? - så byttar vi oppslagsord og flyttar artikkelen! - Knut 19:06, 9 mai 2007 (CEST)

Kanskje eliminiasjonsnøkkel kunne vere eit eintydig omgrep. - Knut 19:14, 9 mai 2007 (CEST)
Klassifiseringsnøkkel? --Ekko 19:17, 9 mai 2007 (CEST)
Endrar til klassifikasjonsnøkkel sidan det gav nokre treff ved nettsøk. Ordet identifikasjonsnøkkel er bruka om noko anna. Har nokon betre framlegg, så kan artikkelen flyttast fleire gonger! - Knut 22:51, 10 mai 2007 (CEST)
Klassifikasjonsnøkkel høyrast bra ut, ja. Eg stemmer for den. --EIRIK\diskusjon 22:53, 10 mai 2007 (CEST)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 24. august 2008 kl. 23:26 (CEST)

[daud lenkje]

Død lenke 2[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [2]. BepBot 24. august 2008 kl. 23:26 (CEST)

Zoologisk del[endre wikiteksten]

Eg stussar litt på mykje av det eg finn i artikkelen her, utan at det tyder at eg trur eg er i stand til å ordlegga meg betre eller skriva han om i særleg grad.

For det første tykkjer eg det er misvisande å hevda at nøklar særleg vert brukt av floraer; dei fleste nøklane eg har sett har dreid seg om insekt av ymse slag. Dette har gjerne å gjera med kva slags litteratur eg oppsøkjer aktivt, men plantebøker er ikkje meir nøkkel-dominerte enn annan biologisk faglitteratur om spesifikke organismegrupper.

Eg synst òg utvalet av nøklar i bakgrunnsstoffet verker veldig tilfeldig; dei som står nemnd burde i så fall vera å finna på sidene om augestikkarar, blomsterfluger e.l. Vil folk vita noko om identifisering av taksa innanfor desse gruppene slår dei vel opp søkjeordet direkte?--Gunnar 26. november 2008 kl. 22:31 (CET)

[daud lenkje]