Diskusjon:Kleopatra

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvifor skiftar N'dreash frå c til k i latinske namn som ikkje har gresk rot? --Ekko 15:17, 3 februar 2008 (CET)

Det var berre eit forsøk på å bruke anten c eller k, dei var brukte om kvarandre i artikkelen. Eg var ikkje klar over regelen ovanfor, skal rydde opp og halde meg til han:-) --N'dreash 16.28, 3 februar 2008 (CET)

Regel og regel. Det er vel mi eiga forståing av saka, det er mange her som er djupare inne i filologien enn meg. Men grekarane har k (eller rettare Κ, kappa) som romarane skreiv med c. Og den latinske c'en utalar me k eller s litt i hytt og vêr. Så difor er me mange som skriv k for latinsk c når ordet kjem frå gresk, til dømes Kleopatra, eller kolon i staden for colon (tjukktarm), men ikkje Kikero for Cicero. Som du ser er eg ikkje heilt sikker eg heller. Men kanskje Olve, Trond eller andre kan seie noko klokt om dette? --Ekko 18:10, 3 februar 2008 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 24. august 2008 kl. 23:27 (CEST)[svar]

[daud lenkje]