Diskusjon:Kommunistische Partei Deutschlands

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er vanskeleg å vera konsekvent i alle samanhengar, og me har kanskje ikkje så mange artiklar enno om utanlandske politiske parti at ein kan sei at ein konsekvent praksis har blitt etablert. Men, etter mønster frå til dømes Det tyske sosialdemokratiske partiet, Liberaldemokratane og Den russiske føderasjonens kommunistiske parti, skulle ikkje denne artikkelen vore flytta til Tysklands kommunistiske parti? (Barend 6. april 2006 kl. 12:10 (UTC))

Eg flytta i si tid nokre partinamn til originalspråksnamnet, og røyster for at det i mest mogleg grad er det som er praksis. Men me kan gjerne laga ei avrøysting om dette for å få ei retningsline. --Gunnernett 6. april 2006 kl. 14:28 (UTC)
Eg har laga omdirigering til "Kommunistische Partei Deutschlands" frå "Det tyske kommunistpartiet" i dei samanhengane eg har nemnt dette partiet. Eg ber derfor om at eventuell flytting blir til "Det tyske kommunistpartiet". Det er òg i samsvar med mønsteret "Det tyske sosialdemokratiske partiet", osv. --Erling 6. april 2006 kl. 14:32 (UTC)
Korleis gjer dei det i andre leksikon? Eg ser at Caplex rett og slett bruker forkortinga SPD som oppslagsord (som eit døme)...--Rujo 6. april 2006 kl. 14:36 (UTC)
"Det tyske kommunistpartiet" blir ikkje ei nøyaktig omsetjing av navnet. Kommunistische Partei Deutschlands betyr Tysklands Kommunistiske Parti. Dette er den tyske varianten av eit mønster som blei brukt i ei rekkje land for å navngi kommunistparti, og er ein direkte parallell til Norges Kommunistiske Parti. "Det tyske kommunistpartiet" kunne like godt vera Sozialistische Einheitspartei Deutschlands (SED) som jo var det største tyske kommunistpartiet lenge, eller eit av fleire avleggjarparti i Vest-Tyskland. Hvis ein skal vera presis bør ein omsetja navnet riktig. Eg meiner òg absolutt at Det tyske sosialdemokratiske partiet bør flyttast, for det er ikkje det partiet heiter.
Til spørsmålet om ein bør behalda originalspråknamnet - eg ser argumenta for det. Men då må ein ha klart for seg at hvis ein skal vera konsekvent vil ein til slutt enda opp med artiklar som Volkspartij voor Vrijheid en Democratie, Liberalno-demokratitsjeskaja partija Rossii og Kereszténydemokrata Néppárt, som kan vera meir forvirrande for nordmenn enn Folkepartiet for Fridom og Demokrati, Russlands Liberal-demokratiske parti og Det Kristendemokratiske Folkepartiet. Men på den andre sida, originalnavna vil jo vera mindre tvetydige, og så slepp ein diskusjonar om kva omsetjing ein skal bruka som artikkeltittel. No vart eg eigentlig litt i stuss om kva som er best. Men me bør gjennomføra ein konsekvent praksis, meiner eg. (Barend 6. april 2006 kl. 15:48 (UTC))
Ja, vi bør gjennomføre ein konsekvent praksis, viss muleg. Fleire argument for "Det tyske kommunistpartiet": 1. Det er ein folkeleg norsk måte å nemne eit parti på, og det tykkjer eg er eit viktig argument, og viktigare enn at det ikkje er ei nøyaktig omsetjing. I teksten i sjølve artikkelen bør det då framgå at det fanst og finst etterfølgjarparti etter KPD, som SED i aust og DKP i vest. 2. Eg har skrive dei fleste artiklane om sosialistiske og kommunistiske parti her på nn, trur eg, og eg har bruka dette mønsteret for det meste, såleis "Det tyske sosialdemokratiske partiet" og "Det amerikanske sosialistpartiet" (eigentleg SPUSA). Det blir ein god del arbeid for nokon å gå gjennom og skifte alle etter eit nytt mønster. 3. Det er ikkje rett at alle kommunistpartia hadde namnemønsteret "Norges Kommunistiske Parti"/"Kommunistische Partei Deutschlands". Dei to største vestlege kommunistpartia etter krigen var Parti Communiste Francais (norsk: Det franske kommunistpartiet) og Partito Comunista Italiano (Det italienske kommunistpartiet). Altså med adjektiv, ikkje substantiv for landet. 4. Det austerrikske sosialdemokratiske partiet har heitt "Sozialdemokratische Arbeiterpartei" (SDAP), "Revolutionäre Sozialisten" (RS), "Sozialistische Partei Österreichs" (SPÖ) og "Sozialdemokratische Partei Österreichs" (SPÖ). Dersom vi skal bruke originalnamnet må vi vel ha fire artiklar for same partiet, då? --Erling 6. april 2006 kl. 16:12 (UTC)
Eg meiner partia bør liggje på namn på originalspråket med mange omdirigeringar. I pkt. 4, Erling, meiner eg partiet bør liggje under det namnet det har no, med omdirigeringar og opplysningar i artikkelen om tidlegare namn. --EIRIK\diskusjon 6. april 2006 kl. 16:29 (UTC)
Nei Erling, sjølvsagt må me ikkje ha fire artiklar, det fins noko slikt som omdirigeringar. Det er ikkje rett at alle kommunistpartia hadde same namnemønster, men det har eg heller aldri sagt, eg sa at kommunistpartia i ei rekkje land hadde det. No er det eit faktum at diverse land har hatt fleire forskjellige kommunistparti. Russland til dømes, har for tida fleire. Den beste måten å skilja dei på er sjølvsagt å nevna dei med det navnet dei faktisk har eller hadde! Om du har oppretta fleire artiklar under feil navn så blir det jo eit arbeid å retta det opp, men det bør likevel gjerast. (Barend 6. april 2006 kl. 21:14 (UTC))


Kva namn som er rett og feil er vel det vi diskuterer no. Barend kan leggje av seg den hovne tonen med ein gong. For historiske parti som kanskje har bytta namn fleire gonger og kanskje no ikkje finst lenger, som Det jugoslaviske kommunistpartiet, er dette ikkje beinkløyvd.--Erling 7. april 2006 kl. 06:59 (UTC)
Ikkje fullstendig beinkløyvd kanskje, men ikkje så vanskelig heller. Det jugoslaviske, til dømes, heitte Savez komunista Jugoslavije (med forbehald om skrivefeil) gjennom mesteparten av soga si, og nesten heile tida då det var statsberande parti, derfor er det logisk å bruka det navnet. For parti som framleis eksisterer er det vel ganske naturlig å bruka det noverande navnet. Dersom Senterpartiet vart lagt ned i dag ville me framleis la artikkelen stå under Senterpartiet og ikkje Bondepartiet, ville me ikkje? Og dersom Høgre skifta navn til det Konservative Partiet i morgon, så måtte artikkelen om partiet flyttast etter. Synest det iallfall for meg. (Barend 7. april 2006 kl. 14:23 (UTC))

Eg ser at vi for kategori:finske politiske parti har tre parti: Centern i Finland (svensk namn), Kristillisdemokraattiset Nuoret ry. (finsk namn), og Venstreforbundet (norsk namn). Det finske namnet tyder «dei kristendemokratiske unge». Problemet med å bruke norske namn er både at distinksjonar kan gå tapt, slik at det kan bli vanskeleg å finne dei. Det finske partiet Kokoomus («Samling») er Høgre sitt søsterparti, det heiter «Samlingspartiet» på svensk, men har av ein eller annan språkpolitisk grunn ikkje heimeside på svensk. Sjølv om eg for finske byar har vore for svenske namn, ser det ut til at i alle fall Kokoomus bør få artikkel med finsk namn, og dei ulike partia ute i verda bør få namn på eigne språk, med omdirigeringar, sjølvsagt, og kanskje med norske namn i kategoriar av typen kategori:Politiske parti i Ungarn. Trondtr 7. april 2006 kl. 07:13 (UTC).


Politikk er innvikla greier! Kan me ikkje ta utgangspunkt i god, gammal namngjevingspolitikk og velja det namnet som er mest brukt der det finst eit slikt? For å ta eit døme frå Israel: Alle kjenner nok til namna Kadima og Likud nett no, men kva heiter eigentleg det israelske arbeidarpartiet? -- Ranveig 7. april 2006 kl. 09:13 (UTC)


Det heiter Avoda. Men poenget til Ranveig er eg samd i. Vi må først og fremst tenkje på den som søkjer når det gjeld oppslagsord. Kva vil ein vanleg norsk elev i vgs skrive inn som søkjeord om ho leiter etter ein artikkel? Savez Komunista Jugoslavije eller Det jugoslaviske kommunistpartiet? (Til dømes). --Erling 7. april 2006 kl. 10:11 (UTC)

Difor omdirigeringar. Det bør absolutt lagast oppslagsord som til dømes Det jugoslaviske kommunistpartiet eller Det tyske kommunistpartiet, men desse bør vera omdirigeringssider til det korrekte navnet, om det no er på norsk eller på originalspråket. (Barend 7. april 2006 kl. 14:23 (UTC))