Diskusjon:Kompaktplate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Flytting frå CD til Compact disc[endre wikiteksten]

Orsak? Eg er ikkje einig i at CD heiter "compact disc" på norsk. Det er vel ingen som skriv eller seier det? CD eller CD-plate er betre stader å leggja artikkelen. -- Ranveig 26. mar 2005 kl. 2052 (UTC)

Eg reagerte litt på denne eg òg. CD er vel det éinaste rette (korleis ein skal løyse fleirtydingane, blir ei anna sak...). CD-plate blir litt kjøt på flesk: Kompakt-plate-plate... --Bep 26. mar 2005 kl. 2057 (UTC)
Dét problemet er ikkje eigentleg eit problem, fleirtydingssida kan vera der ho er på Cd medan CD kan innehalda artikkelen om plata. Elles har eg ikkje noko i mot smør på flesk-uttrykk, det finst etter kvar mange slike i verda, som kan vera både vakre og underhaldande (som elv-elva River Avon eller fjord-fjord-fjorden Geirangerfjorden). -- Ranveig 26. mar 2005 kl. 2204 (UTC)

Etablert form i katalogisering ved norske bibliotek og i både Nynorsk- og Bokmålsordboka er «kompaktplate».[1] Eg føreslår at vi har hovudoppførselen der, med tilvisingar frå kompaktdisk, compact disc, CD, CD-plate og CD-skive. Når det gjeld smør på flesk er no elles stadnamna Vatnvatnet (i Bodø kommune) og Nesoddtangen to av mine favorittnamn... :) -- Olve 27. mar 2005 kl. 0203 (UTC

Eg stemmer for kompaktplate. --Bep 27. mar 2005 kl. 0219 (UTC)

Eg var kankskje litt snar, men synest ikkje at det var direkte feil det eg gjorde og at andre meiningar ville dukke opp ganske raskt :) Tykkjer og at kompaktplate vil vere den beste løysinga. -- Larsivi 27. mar 2005 kl. 0821 (UTC)

... og dermed er flyttinga gjennomført. :-) -- Olve 27. mar 2005 kl. 2318 (UTC)