Diskusjon:Kraftverk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Misoppfattingar[endre wikiteksten]

Produsere tyder ikkje å laga noko av ingenting, det viser som regel til omforming av noko anna. Det ville vore gale å seia at kraftverk tryller fram elektrisk energi, men ikkje at dei produserer det. I tillegg høyrer ikkje eigne hjartesukk om språkbruk eller anna heime i våre nøytrale artiklar, gjer dei vel? --Ranveig 29. mai 2011 kl. 13:38 (CEST)[svar]

Nynorskordboka nemner: «lage, tilverke, framstille». Ein korkje lagar, tilverkar, eller framstiller energi. Dei fleste fysikarar meiner (i 2011) at energien i universet er konstant og at ein korkje kan produsera eller fjerna energi. Men ein kan omsetta frå ei energiform til ei anna[1]. Omgrepa «lage», «tilverke» og «framstille» er i beste høve unøyaktige, så kvifor ikkje nytta det eintyding omgrepet «omsetta»?
Dette er difor ikkje eit hjartesukk, men ei sårt tiltrengt presisering. Gløym ikkje at journalistar av og til «låner» stoff her på WP. Om ein skal døma etter aviser og fjernsyn er det svært få journalistar som skjønar forskjellen på energi, kraft, straum. osv. (Enda verre er det at meir enn ein olje- og energiminister har prestert å rota saman desse omgrepa på «NRK dagsrevyen».) Det kan difor, av og til, vera på sin plass å påpeika utbreidd feil bruk av omgrep. Eg meiner ikkje at dette bør gjerast overalt, men i høve det det ofte fører til forvirring meiner eg at det er fornuftig på åtvara mot missforståingar. Dette tilfelle er etter mi meining eit slikt tilfelle. --Sigmundg 29. mai 2011 kl. 14:12 (CEST)[svar]
  1. [Sears, F.W., Zemansky, M.W. og Young, H.D., University physics, 5. utg., Addison-Wesley Publ. COmp., 1978.]