Diskusjon:Krigar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg ser at Ekko gjorde det om frå kode til kodeks. Eg er ikkje heilt sikker på om detta er rett. Enkelte stader har jo visse kleskoder for å komma inn. Lars 21:26, 28 mars 2007 (CEST)

Ja, dei har det, og det er ei grov misforståing. Sjå kode (fleirtyding) for tydingar av ordet. Dersom ein med kleskode meiner ein spesiell måte å kle seg på for å gje ein melding, t.d. gule sokkar tyder at bankranet startar kl. 12 i morgon, gjer det meining. Dersom ein leitar etter eit ord for å seie skrivne og uskrivne reglar for korleis ein kler seg er det kodeks ein er ute etter. Jfr. ordboka:
kodeks m1 (lat. codex 'bok', eigl 'trestamme') 1 gammal handskriven bok; lovsamling 2 samling av reglar, sedvanar moralkodeks
--Ekko 22:04, 28 mars 2007 (CEST)