Diskusjon:Krimhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Betra artikkelen[endre wikiteksten]

Det kan vera mange som lurar på kvar Krimhalvøya eigentleg ligg, no når ho er midt i mediasøkjeljoset. Difor bør denne artikkelen oppjusterast etter mi meining. Slik han er no, består han av ei innleiing som utgjer om lag halve artikkelen, eit lite avsnitt om demografi og så litt historie. Når ein kjem til avsnittet "historie", blir det ein del gjentaking frå historia som allereie blir gjennomgått i innleiinga. Eg vil difor gjerne stokka litt om på stoffet. HallvardLid (diskusjon) 3. mars 2014 kl. 10:01 (CET)

Ein bør også få fram at halvøya no er et omstridt område i staden for som no, der det står at ho er ein del av Ukraina. Wikipedia bør forsøke å vere nøytral. --Oddeivind (diskusjon) 1. april 2014 kl. 08:44 (CEST)
Det er vel like godt først som sist å skrive at Krim er ein del av Russland. Dersom vi ikkje har som politikk å følgje norske styresmakter, då. Ei mellomløysing er å vente nokre veker før vi slår fast det som er realiteten. --Knut (diskusjon) 1. april 2014 kl. 17:01 (CEST)
Nei, "omstridt" er ei betre løysing, meiner eg. Russland og Ukraina gjer vel krav på halvøya, båe to. Dersom me skriv at ho er russisk, blir det å ta side i ei pågåande konflikt. HallvardLid (diskusjon) 1. april 2014 kl. 18:08 (CEST)
Me lyt ta utgangspunkt i røyndomen, ja. Krim er de facto del av Russland, men det større fleirtalet av land i verdssamfunnet godtek ikkje dette. Kven som faktisk har kontrollen lyt vera det viktigaste og ikkje kven som skulle hatt det i teorien. Men det lyt sjølvsagt òg koma klårt fram at det er eit omstride område; dette vil jo òg gjerne ha fysiske fylgjer for området. --Njardarlogar (ordskifte) 1. april 2014 kl. 19:01 (CEST)
Bør nok ligge som omstridd område. Det er fleire slike område som me har artiklar om, men som ikkje for tida er i søkelyset til media. Sjå t.d. Kategori:Omstridde område. --Frokor (diskusjon) 1. april 2014 kl. 22:23 (CEST)
Det står at både Russland og Ukraina gjer krav på halvøya på russisk WP òg. --Sigmundg (diskusjon) 31. januar 2015 kl. 01:38 (CET)