Diskusjon:Kristi himmelferdsdag

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Helgetorsdag ja. Kjenner nemninga på dagen vel. Vaks opp med den. Men kva er det vi snakkar og skriv om: Heilage Tors dag?? Tok dei tidlege kyrkjefedrene i bruk tidspunktet for ein førkristen vårfest til Tors ære -heilage Tors dag - for å feire den kristne himmelferda? Heilag er jo eit germansk ord - det er ikkje latin - som vart nytta også i førkristen tid her i nord. Er det nokon som har tenkt og meint noko om dette?

Pensjonisten

Rangt namn[endre wikiteksten]

Det heiter Kristi himmelferd på nynorsk, jf. ordboka. Flytting og omdirigering? Nunc et semper 19. oktober 2010 kl. 18:25 (CEST)[svar]

Slik står det på nettsida til Bibelselskapet [1] òg, men Almanakk for Noreg skriv helgetorsdag. Vi bør velje ei av dei to formene. Eg flytta til himmelferdsdag. --Knut 19. oktober 2010 kl. 19:13 (CEST)[svar]

No er det vel ikkje eit spørsmål om å velje bort ei nemning her. Nemninga helgetorsdag finst likso vel som nemninga Kristi Himmelferdsdag finst. Ingen er meir rang enn den andre. Både Bibelselskapet og Almanakken har rett. Å bruke nemninga helgetorsdag er nok like greit som at vi snakkar om Julehøgtid når vi feirar Kristi fødsel. Det vil vere synd om nemninga Helgestorsdag skulle gå heilt or bruk. Den finst elles også i finsk (truleg som innlån fra norrønt) med skrivemåten Helatorstai - berre google på nemninga og sjå på dei finske sidene ein då får opp!

Pensjonisten

Det var ikkje mi meining å seia at Kristi himmelferd var det einaste rette – berre at «himmelfart» er bokmål. Me kan gjerne ta med helgetorsdag høgare opp i artikkelen, tykkjer eg. Nunc et semper 21. oktober 2010 kl. 21:22 (CEST)[svar]
Ja, det er vel slik vi plar gjere det. Og no har eg flytta litt på setningane. Det kan sikkert gjerast meir for å få skikk på denne artikkelen, han framstår som eit klattverk som mange har skrive på. --Knut 21. oktober 2010 kl. 22:06 (CEST)[svar]