Diskusjon:Kristian III av Danmark-Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Christian, Kristian eller Christiern[endre wikiteksten]

I artikkelnamnet heiter han Kristian, medan han i sjølve artikkelen vert omtala berre som Christian. Er det tilsikta, skal det vera slik?Jorunn 16. mai 2005 kl. 1117 (UTC)

Sikkert fordi me flytta dei fleste kongeartiklane til norske namn etter at dei var skrivne. Sjølv liker eg best å bruke døypenamna om folk, og ser gjerne at ein skriv Christian i artikkelen - men både norsk og dansk namn bør kanskje alltid nemnast. -- Ranveig 16. mai 2005 kl. 1812 (UTC)
Såvidt eg kan hugse finst denne og dei andre tidlege Christian-kongane ofte nemnde som «Christiern» i eldre danske kjelder. Kva som var det offisielle namnet er eg ikkje sikker på. Når dét er sagt, så lyt eg no seie meg einig med Ranveig i at namnepurisme er ein god ting: Eg ser med skrekk og gru mot den dagen at stakkars kronprins Charles blir innskriven her som kong Karl ... av England...! :-( Olve 16. mai 2005 kl. 1839 (UTC)
For meg såg det berre rart ut når han namnet vart skreven på ein måte i artikkelnamnet og den skrivemåten ikkje var med i sjølve artikkelen.
(Gamle fornorskingar er så innarbeidde at me ikkje kan hoppa bukk over dei, men tida er gått for fornorsking av namn frå dansk og engelsk no. (Prinsen av Wales kjem ikkje til å få noko anna førenamn på norsk, han får vere glad til om han får seg ein høgare tittel.) Men ein skal vel enno ikkje så veldig langt unna før namna kan få annan skrivemåte på norsk enn i heimlandet. Islandske og polske namn vert fort forenkla, det vil seie alle teikn som ikkje er med i det norske alfabetet vert endra til det ein synest liknar mest av dei kjende og kjære 29 bokstavane. Men her på Wikipedia skal namna deira sjølvsagt skrivast slik dei sjølv skriv dei, i tillegg til at me må ha omdirigering frå alle måtar andre kan tenkjast å skrive namna deira.) [Usign. innlegg 16. mai 2005 kl. 1525 UTC ved Jhs.]
Skal då artikkelnamnet vera Christian, Kristian eller Christiern? --Gunnernett 20. januar 2006 kl. 09:45 (UTC)
Kristian. --KRISTAGAα-ω 20. januar 2006 kl. 11:33 (UTC)
Christian. (Barend 20. januar 2006 kl. 17:36 (UTC))
Her har eg forøvrig til og med Kunnskapsforlaget på mi side, andre norske leksikon har Christian som oppslagsord. (Barend 23. januar 2006 kl. 15:17 (UTC))