Diskusjon:Kvalifisering for handball-EM for kvinner 2006

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette trur eg ikkje me treng eiga side om. Slikt flyktig stoff trur eg eigentleg ville vore best på Wikinytt, men om det skal stå her høyrer det vel helst til i handball-EM for kvinner 2006? --Ranveig 14:25, 26 november 2006 (CET)

Eg la det til på handball-EM for kvinner 2006 først, men pga. at den artikkelen vart litt lang, flytta eg kvalifiseringa til ei eiga side. Synest det er interessant å finne idrettsresultat, og vi har vel god plass, har vi ikkje? :) --Erlend 14:45, 26 november 2006 (CET)
Slike artiklar med sportstresultat kan verte digre i datamengd, på grunn av all formateringa (dei inneheld jo også mykje informasjon, ofte i svært fortetta form). Artikkelen handball-EM for kvinner 2006 inneheld no informasjon om kven som speler på det norske laget, for at han skal verte balansert (NPOV) bør det også etter kvart takast med informasjon om kven som spelar på dei andre laga, og då vil artikkelen byrje å verte ein god liten plugg. Det er potensielt mykje stoff som skal inn i artikkelen handball-EM for kvinner 2006 så å fordele noko i sideartiklar verkar ikkje gale i utgangspunktet. Viss han ikkje veks kan kanskje dette stoffet setjast inn att i artikkelen, men fyrst kan dei få avvikle EM. --Jorunn 15:41, 26 november 2006 (CET)