Diskusjon:Kvinnheradsdialekt

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein mykje interessant artikkel. Noko som hadde vore interessant å ha med, er ordsoger, sånn at ein kan få moderne språk inn i ein samanheng. Eg ser det vert nemnt ein del bøker under «bakgrunnsstoff»; er det kan henda noko der å finna? (og om dei alt skulle vera nytta som kjelder, bør ein føra dei opp deretter)

Til dømes er det vel ikkje utenkjeleg at forma «hondra» stammar frå eldre «hundrad» eller at «fira» stammar frå ei utdatert kasusform med ein a i? Ord som «heima» og «åtta» stammar vel nesten direkte frå norrønt (jf. norr. «heima» og «átta»), medan «detta» og «da» meir indirekte, men like fullt i tråd med norr. «þat» og «þetta». Og om dei i Kvinnherad som i mykje elles av Sunnhordland seier «da», men «der» og «den» i staden for «dar» og «dan» (som dei seier i Nordhordland?), jf. norr. «þar» og «þann»; so er jo det eit interessant symmetribrot.

Eg meiner òg at ein finn forma «nå» i Kvinnherad ein stad? --Harald Khan Ճ 26. januar 2010 kl. 22:41 (CET)[svar]

Takk for kommentaren. Oppdaga den ikkje før no. Eg har nok tenkt mest synkront førebels, og det synest som om det er eit slags system i orda med a-endingar når dei dannar opposisjon til e-målet - sjølv om ordhistoria kan vera ulik. Like eins med o-endingane i Sunnhordland i forhold til å-endingane lenger sør. Dar og dan har dei også i hardangermålet, så her er ein opposisjon til Sunnhordland/Kvinnherad. Motsetninga da - der, den er noko å fundera på, ja. Da er eit sterkt målmerke også mellom dei unge, det kan ein t.d. sjå på skrivinga deira på Facebook. Eg er noko usikker på kor utbreidd er. Det er ein del Halsnøy-folk som brukar den forma, kanskje det er eit trekk frå målet på Haugalandet. Elles er det ein del tradisjon for at Arbeidarpartifolk her brukar når dei skriv nynorsk, det gir truleg ein litt meir radikal farge på nynorsken. --Josros 17. februar 2010 kl. 19:45 (CET)[svar]
Eg må seia det same som Harald Khan: ein veldig interessant artikkel. Jarhaugin 21. oktober 2011 kl. 21:21 (CEST)[svar]