Diskusjon:Kvit nykkerose

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gunnar skriv i kommentar til omdirigering at stor nykkerose er ein underart av kvit nøkkrose. Eg skreiv den opphavelege artikkelen og fann namnet Stor nykkerose i Lid, andre utgåva. Eg ser Gunnar viser til sjuande utgåva, har taksonomien endra seg? I tilfelle burde vel det stå i artikkelen òg? --Ekko 20:31, 28 oktober 2007 (CET)

Sjuande utgåva av Lid listar arten Nymphaea alba som «kvit nykkerose», og reknar med tre underartar:
  • A ssp. alba - stornykkerose
  • B ssp. occidentalis - smånykkerose
  • C ssp. candida - kantnykkerose.
Om sjølve arten er «kvit» eller «stor» i det offisielle namnet er i utgongspunktet ikkje så viktig i seg sjølv, men sidan Lids flora både er språkleg oppegåande òg fagleg autorativ, synst eg me bør følgja namnsetjinga hans. Eg skal skriva inn eit avsnitt om variantar.--Gunnar Mikalsen Kvifte 20:45, 28 oktober 2007 (CET)
Eg kjøpte mi utgåve i -74. Må tydelegvis ta ein tur i bokhandelen igjen. --Ekko 22:00, 28 oktober 2007 (CET)