Diskusjon:Kvitvarer

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva er det som skil kvitevarer frå brunevarer? --Tannkrem 21:44, 20 mars 2008 (CET)

Bunvarer er ting som telefon, faksmaskin, langsynskåp, osb. --Sigmundg 21:57, 20 mars 2008 (CET)

Er det ikkje betre å ha artikkelen under fleirtalsforma? Eg har aldri høyrt nokon bruka eintalsforma i daglegtale. Det står jamvel i ordboka at ordet vanlegvis står i fleirtal. --Tannkrem 22:33, 20 mars 2008 (CET)
Jau, det er sant. Ein nyttar vanlegvis fleirtalsforma. Tankegangen var at det vanlegvis er eintalsforma som vert nytta på Wikipedia. Men eg ville òg søka etter kvit- og brunvarer i fleirtal om eg ikkje tenkte med om (og det er det ikkje alltid eg gjer...). Er det nokon som veit om det finst retningslinjer for dette? --Sigmundg 22:40, 20 mars 2008 (CET)
Vi har vel ikkje retningsliner for kvitevarer og brunevarer, men når ordboka stør magekjensla mi om at dette er ord som helst berre brukast i fleirtal, synst eg oppslagsordet bør ha fleirtalsforma (med -e- og -r). Eintalsordet har vi ikkje bruk for - i eintal snakkar du helle om ein komfyr eller eit kjøleskap. - Knut 22:52, 20 mars 2008 (CET)