Diskusjon:Kyrkjetoneart

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dur og moll[endre wikiteksten]

Blir det ikkje feil å seie at kyrkjetoneartar skil seg frå dur og moll, når dur og moll faktisk er kyrkjetoneartar? Helsing frå Martin 24. mai 2009 kl. 22:01 (CEST)[svar]

Nei, kyrkjetoneartar som jonisk og eolisk er tonale modus, inkludert mange melodiske standardvendingar o.a., medan dur og moll er skalatypar. -- Olve Utne 24. mai 2009 kl. 22:31 (CEST)[svar]
Hmmmm.... Ser at artikkelen Kyrkjetoneart er noko mangelfull på det punktet... -- Olve Utne 24. mai 2009 kl. 22:34 (CEST)[svar]
...men då skil ikkje kyrkjetoneartane seg frå dur og moll ved senking eller heving av einskilde tonetrinn, men ved at dei, som du skriv, er tonale modus. Helsing frå Martin 25. mai 2009 kl. 09:10 (CEST)[svar]
Ja nettopp. Det vil seie at ein dorisk skala skil seg ut frå rein moll (eolisk) ved høgt 6. trinn, men kyrkjetonearten dorisk skil seg ut frå mollskalaen ved ymse modale trekk, som kan inkludere overrepresentasjon av visse melodiske vendingar, meir eller mindre bruk av visse skalatrinn i ymse samanhengar og mykje anna. -- Olve Utne 25. mai 2009 kl. 12:46 (CEST)[svar]