Diskusjon:Láhko nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Namnet[endre wikiteksten]

Nasjonalparken vart oppretta med den nordsamiske skrivemåten av namnet, Láhku, men det er sidan retta til den lulesamiske skrivemåten (som gjeld for samiske stadnamn sør til og med Saltfjellet) Láhko. Dette er korrekt skildra i bokmålsversjonen. Det bør såleis opprettast ei ny side "Láhko" og med omdirigering frå denne og dit. Men eg veit ikkje korleis ein gjer det… ØysteinVangsnes (diskusjon) 3. mai 2015 kl. 13:32 (CEST)

Når du har sjølve artikkelen framfor deg kan du klikka der det står «Meir», der eit av vala er ein flyttefunskjon. Om du bruker denne blir det også laga ei omdirigering automatisk. --Ranveig (diskusjon) 3. mai 2015 kl. 16:22 (CEST)
No gjorde eg det, trykte på «Meir -> Flytt».
Dagens sukk:
Miljøverndirektoratet (og regjeringen.no) skriv nye artiklar på sine nettsider på tre 'offisielle' språkformer: Engelsk, samisk og norsk. «Norsk» ser ut til å vere einstydande bokmål. Når dei skriv om Láhko på «norsk» kan dei ikkje unngå å legge merke til at dei norske lokalitetsnamna i parken, arva frå dei historisk norskspråklege brukarane av området, er på korrekt nynorsk skriftform, eksempelvis Namnlausvatnet (ikkje Navnløsvannet), Seglvatnet (ikkje Seilvannet). Av respekt for samiskspråklege som historisk har brukt området til reinbeite skriv dei ein versjon av artikkelen på samisk, mens norskspråklege ikkje kan nyte same respekten. --Roar (diskusjon) 4. mai 2015 kl. 17:31 (CEST)