Diskusjon:Lønn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg synest artikkelen om treet bør liggja her, eller at denne sida bør vera omdirigert til lønnefamilien. Så kan me ha ei lenkja til løn øvst på sida. Eg trur dei fleste som søkjer på lønn på nn: leitar etter treet. --Tannkrem 01:54, 6 juni 2007 (CEST)

Med lønn meiner vi eit tre i lønnefamilien, det inneber at vi bør få artikklar om artane spisslønn og platanlønn. Eg ser at tilsvarande finn vi under bjørk ein artikkel om bjørkeslekta. Så det kan vel vere at Tannkrem har rett. - Knut 07:21, 6 juni 2007 (CEST)
Så lenge «løn» og «lønn» er jamstelte former ser eg ingen vits i å flytte artikkelen. Dette gjeld au treslaget, begge skrivemåtane er OK og da blir det kunstig å skapa eit system med ei form på kvar artikkel. Sjå http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=l%F8nn --KRISTAGAα-ω 08:56, 6 juni 2007 (CEST)
Å. Eg trudde treet berre kunne skrivast med to n'ar. Men eg trur kanskje det kan vera lurt å dela artikkelen likevel, av praktiske grunnar. Viss nokon søkjer etter treet løn og kjem til artikkelen om betaling for arbeidskraft, kan dei jo berre trykkja på den rette lenkja. Om nokon vil ha betaling for arbeidskrafta si og endar opp med ved, kan dei gjera det same. Men det er likevel ein sjans for at dei endar opp på den rette sida. Slik det er no, må dei trykkja seg vidare same kva oppslagsord dei leitar etter (når løn ev. får omdirigering hit). --Tannkrem 12:35, 6 juni 2007 (CEST)
Då følgjer eg Tannkrem sitt råd, enno ein gong. Det er noko anna eg må rette opp, òg: artikkelen bør gjelde Lønneslekta (Acer), ikkje lønnefamilien (aceráceae), jf korleis det er gjort med andre treslag som bjørk. Og så reknar eg med at Tannkrem skriv artikkelen om Lønn ein dag.. ' Knut 16:36, 6 juni 2007 (CEST)