Diskusjon:L-type-asteroide

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Uttrykket «opp i frå» i setninga «...eit flatt trekklaust spektrum opp i frå.» er litt tvetydig. Er tydinga «i høgrfekvensområdet»?

Kva tyder det at spektret er «trekklaust»? At det er flatt (utan resonanstoppar)?

--Sigmundg 12:11, 26 januar 2008 (CET)


Eg fann eit spektrum av 387 Aquitana og 980 Anacostia som er nemnde i artikkelen her (figur 2). «Ned mot» vert feil; «opp i frå», derimot, seia ved aukande bølgjelengder

«Trekklaust» vil seia relativt flatt tenkjer eg.--Harald Khan Ճ 20:05, 26 januar 2008 (CET)


1) Uttrykket «eit sterkt raudleg spektrum ved aukande bølgjelengd mot 0,75 μm ...» er ikkje lett å forstå. Ut frå figueren du viste til kan ein seia at «intensiteten aukar kraftig med bølgelengda i området under 0,75, i området 0,75 til 1,6 μm er aukar i intensitet meir moderat, for deretter å falla for lengre bølgelengder»? Eller vert det for detaljert? At eit spectrrum er «raudleg» vil vel seia at intensiteten har ein topp i området 0,62–0,75 μm?
2) Alle fire spekta i her (figur 2) har det eit tydeleg søkk rundt 2 μm, så dei er ikkje heilt «trekklause» (det er til og med påpeika i teksten).
--Sigmundg 20:47, 26 januar 2008 (CET)


1) & 2) Tholen-klassifiseringa klassifiserer asteroidane ut i frå spektrumet mellom 0,31 μm og 1,06 μm; SMASS-klassifiseringa ut i frå spektrumet mellom 0,31 μm og 1,06μm; eventuelle trekk ved 2 µm er altså ikkje med når asteroidar klassifiserast. Det beste er nok å oversetja den engelske artikkelen rett; biletet eg gav lenkje til var for å illustrera spektrumet betre; artikkelen handlar rett nok om nokre L-type-asteroidar, men ikkje om klassifiseringa av dei.
Eg er ikkje heilt sikker på nøyaktig kva det vil seia at spektrumet er raudleg; artikkelen er 100% basert på den engelske. --Harald Khan Ճ 21:47, 26 januar 2008 (CET)
Kanskje ord som «trekklaus» og «raudleg» burde vera lenkjer til artiklar som forklarer kva uttrykka tyder, ettersom mange av dei som kjem til å lesa artikkelen truleg ikkje er arstronomar. --Sigmundg 23:01, 26 januar 2008 (CET)