Diskusjon:LEGO

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2005.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2005

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.


Dersom nokon av dei som er mest involvert i artikelen kunne skrive ned ei liste med dei viktigaste årstala for utveklinga av Lego-klossen vil eg gjerne laga ein illustrasjon med ei loddrett tidsline. --Ekko 22. mai 2006 kl. 21:10 (UTC)

Her kjem nokre stikkord

  • 1916 - Snikkarverkstaden opna
  • 1934 - Namnet LEGO vart skapt
  • 1949 - Produksjonen av LEGO-klossar i plast starta
  • 1958 - Klossane vart forbetra med små rør på undersida, slik dei er i dag
  • 1961 - Hjula vart no introduserte, og ein kunne lage bilar, bussar og andre køyrety
  • 1963 - Plastmaterialet celluloseacetat vart bytta ut med ABS-plast
  • 1966 - Togsystemet kom
  • 1968 - Legoland-parken i Billund opna
  • 1969 - DUPLO kom
  • 1972 - Båtar og skip med flytande delar kom
  • 1974 - Dei fyrste menneskefigurane med rørlege armar kom
  • 1975 - «Expert Series» kom, pakkane i den var meir avanserte enn tidlegare
  • 1978 - Dei LEGO-figurane vi kjenner i dag kom

--EIRIK\diskusjon 23. mai 2006 kl. 09:16 (UTC)

Skal sjå kva eg får kasta vekk pinsa på. --Ekko 31. mai 2006 kl. 17:54 (UTC)
Flaut! --Ekko 22:31, 7 desember 2006 (CET)
Kva er flaut? --Tannkrem 22:37, 7 desember 2006 (CET)
At pinserørsla ikkje blei noko av. --Ekko 08:27, 8 desember 2006 (CET)

"Dette er no offisielt ein god artikkel, sjølv om språket er alt for bokmålsnært etter min smak. Og enno finnest det eit par formuleringar som eg ville ha endra, eg fann berre ikkje dei rette orda. Artikkelen må utviklast vidare i framtida, sjølv om han er god." --Tannkrem, lenger oppe på sida

Peik gjerne på utsegner som kan ha godt av å skrivast om. Jo mere vi gjer saman, jo godare vi blir. --Ranveig 13:56, 21 januar 2007 (CET)
  • "faren såg på ulukka som ei moglegheit til å byggje ein større verkstad" -Anbeheitelse, eg synest ikkje at "høve" passar 100% i samanhengen.
  • "Ein ny lagerbrann ramma gruppa i 1960 og øydela mesteparten av lagerbehaldninga av treleikety" -Anbeheitelse
  • "I 1960-åra hadde LEGO-gruppa så stor vekst at i 1970 var ei av dei største utfordringane dei hadde å handtere og kontrollere den aukande marknaden." Tungvint setning.
  • "LEGO-universet fekk utvida transportmoglegheitene da pakkar med båtar og skip med delar i skroget som var flytande vart introdusert i 1972." -Anbeheitelse
  • "I 1991 standardiserte LEGO-gruppa dei elektriske komponentane og systema. Tog- og Technic-motorane blei laga i 9V-versjon for å bli synkroniserte med resten av LEGO-produkta." Formuleringa 9V-versjon bør skrivast om.
  • "I 2003 introduserte LEGO eit nytt system retta mot jenter, Clikits, som er samansett av plastsmykke og tilhøyrande delar som ein kan tilpassa." Dette er mi eiga omskriving, eg likar ikkje siste del av setninga.
  • "Fullt funksjonelle hengjelåsar og pendelklokker og til og med ein spelbar cembalo har vore laga av legoklossar." Eg likar ikkje "fullt funksjonelle", og ynskjer meg eit anna ord til å erstatta "spelbar".
  • "I 1980 oppretta LEGO-gruppa ei eiga avdeling med ansvar for å utvide utdanningsmoglegheitene i leikene." -Anbeheitelse.
--Tannkrem 21:47, 25 januar 2007 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 24. august 2008 kl. 23:47 (CEST)[svar]

[daud lenkje]