Diskusjon:Lailat al miraj

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er ikkje korrekt at den påståtte himmelferda til Muhammed er skildra i Koranen. Vers 17/1 har denne kryptiske setninga: "Ære til (Allah) som tok tenaren sin (Muhammed) på ein nattleg tur frå den heilage moskeen til den fjernaste moskeen". Dette er absolutt alt i Koranen Islam bygg denne fortellinga på. Dette har vorte utlagd som om Muhammed ei natt i 620 eller 621 e.Kr. reid på ein mellomting mellom eit esel og eit muldyr, men med vengar, 1240 km gjenom lufta til Tempelberget i Jerusallem, der han møtte dei andre muslimske profetane, innkludert Abraham, Moses og Jesus, og leidde dei i bøn. Han gjekk og inn og såg seg om i tempelet eller moskeen der. Deretter klatra han opp ein stige som må ha vore nokre dagsreiser lang, for den gjekk gjenom dei 7 (materielle) himlane, som ligg med god avstand mellom kvar, til Allah sim himmel over den 7. Der samtala han med Allah + bruka ein god del tid på å få talet på bøner pr. dag ned frå 50 til 5. Deretter klatra han ned att, og reid 1240 km tilbake til Mekka.For å nå over alt på max. 8-10 timar, kan han max ha bruka 1 time på sjølve rideturen = såvidt overlysdfart (lyd = ca. 1225 km/t). Det er og andre punkt som gjer fortellinga fysisk eller historisk umogeleg. Td. fantest det ikkje nok tempel eller moske Muhammed kunne ha som reisemål eller gå inn i på Tempelberget den gongen - Solomon sitt tempel vart rive av Titus i 70 e.Kr., og al-Aqsa fyrst bygd i 638 e.Kr. Det er heller ikkje eit ord i Koranen som kan tolkast eller mistolkast som om Muhammed nokon gong klatra opp i himmelen, eller nokon gong møtte Allah personleg. Det hardaste punktet er at korkje Muhammed eller folket hans snakka om korkje tur til Jerusalem, tur til himmelen eller personleg møte med Allah, noko dei garantert hadde gjort fleire gongar for dag, dersom historia hadde vore sann - dette særleg avdi i 620-621 e.Kr. var Muhammed og muslimane i alvårlege vanskar, og hadde hatt bruk for solide argument.

Gamle muslimske annalar nemner ein nattleg ridetur Muhammed gjorde frå landsbyen al-Jirana og moskeen der, til mosken Kaba i Mekka og tilbake. Vetskapen trur det er denne turen 17/1 refererar til, og som så har blitt utbrodert av tilhengarar som ikkje kjende samanhangen.

Det som er sikkert, er i alle fall at ingen ridetur gjenom lufta til Jerusalem, er skildra i Koranen - det er feilinformasjon. Og like sikkert er det at det i det heile ikkje fimnest noko i Koranen som kan utleggast som om Muhammed vitja himlane eller møtte Allah personleg. Å fortelja at også dette er skildra i Koranen, er enno grovare feilinformasjon. Dette usignerte innlegget vart skrive av Martin A. Engeset (diskusjon · bidrag)