Diskusjon:Landsorganisasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Omsette denne frå bokmål. Meiner vi treng ein artikkel om dette, men denne er eigentleg ikkje god nok. Særleg på historiesida og om program bør noko gjerast. Nokon som kjenner kallet? stykkjet 21. juni 2006 kl. 21:11 (UTC)

Jau, dette var dårleg! Eigentleg eit godt døme på kor gale det kan bli utan at ein seier noko heilt gale. I dei første åra hadde LO sterke band til Arbeidarpartiet,! LO stifta Arbeidarpartiet! --Ekko 21. juni 2006 kl. 21:45 (UTC)
Eg er ikkje sikker på om det er rett å seie at Arbeidarpartiet stifta LO. Det var formelt sett ein skandinavisk arbeidarkongress som føreslo å stifte LO i 1897. På denne kongressen forkasta dei kollektiv innmelding i DNA. --Bollar 21. juni 2006 kl. 22:11 (UTC)
For det første skreiv eg omvendt, for det andre var det ein retorisk påstand. (Og han høyrer difor ikkje heime i eit leksikon). Innhaldet var at å lage eit skilje mellom partipolitikk og fagforeiningspolitikk på 1900-talet og før, er meiningslaust. LO og DNA var som kjent meint å vera to sider av same sak. --Ekko 21. juni 2006 kl. 22:21 (UTC)
For det første: OK. For det andre: OK. for det tredje er eg dum --Bollar 23. juni 2006 kl. 18:44 (UTC)

Eg har endra artikkelen og gjort han meir faktisk og betre, synest eg sjølv iallfall. Sjå om det er noko de vil drøfte av det eg har gjort. Sidan artikkelen no er mykje endra, fjerna eg au kjeldetilvisinga til bm. Dette er ikkje ei omsetjing meir, men vår eigen (betre) artikkel. --Erling 22. juni 2006 kl. 08:25 (UTC)

Mykje betre no. stykkjet 22. juni 2006 kl. 08:53 (UTC)

Sakleg og informativ. --Ekko 22. juni 2006 kl. 10:08 (UTC)

KVifor kan ikkje nynorsk wikipedia begynne og omsetje engelske artikler i staden for di på bokmål, det vil gjere at me har lengre og betre artiklar enn dei på bokmål.