Diskusjon:Langobardar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lang- eller Long-; -bardar eller bardarar?[endre wikiteksten]

Holberg skriv «de Longobarder» - skal vi omsetje det med Longobardane eller Longobardarane? Elles ser eg at svenskane opnar for å skrive anten «lang-» eller «long-» - og det er vel svenskane vi bør lytte til, når det gjeld vokalbruk. Eg har lyst til å flytte til Longobardar eller Longobardane, men vil gjerne ha råd. - Knut 21:04, 2 desember 2007 (CET)

Sjekk Nynorskordboka er mantraet mitt for oppslagsformer: Der vil du sjå at svaret er langobard (m1). -- Olve 21:15, 2 desember 2007 (CET)
Eg har lenge visst at nynorskordboka er ei kjempenyttig oppslagsbok, men eg tenkte meg ikkje at ordet langobard kunne vere å finne der. -Knut 21:57, 2 desember 2007 (CET)