Diskusjon:Larisa Lazutina

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dopingtesten[endre wikiteksten]

Det står "Etter ein positiv dopingtest, som vart gjort kjend straks føre stafettevlinga over 4x5 km, vart ho frådømt dei to medaljane og utestengd frå å tevle."

Testane som hindra Russland i å delta i stafetten i Salt Lake City OL var ikkje dopingtestar, dei var helsetestar, det vil seie hemoglobinnivået til utøvarane vart målt, og om det var for høgt fekk dei ikkje gå, av omsyn til helsa til utøvarane (iallfall var det det FIS og IOC sa). Lazutina og ei av lagveninnene hadde for høgt nivå, og dermed fekk ikkje gullfavoritten gå stafetten. Lazutina hadde då allereie vunne ein distanse (veit ikkje kva for ein). Sjølv om dei ikkje gjekk vart det teke dopingprøve av dei på stafettdagen. Fyrste testen av dei gav negative resultat, og dermed var Lazutina klar til å gå neste enkeltdistanse. No var også hemoglobinnivået etter forskrifta, og ho vann tevlinga. I mellomtida hadde dei testa prøvane frå stafettdagen ei gong til, og denne gongen gjekk Lazutina (og Danilova) i garnet. Dette etter minnet, men eg trur altså ikkje det er rett å skrive at positiv dopingtest vart gjort kjend rett før stafetten. Det vil vel også framgå av datoane dei ulike renna gjekk (om eg har rett gjekk ho renn etter stafetten), og det står vel i Sportsboken? --46.15.86.98 13. februar 2014 kl. 19:01 (CET)[svar]

Dei russiske langrennarane Olga Danilova og Larisa Lazutina fekk startnekt same dag som 4x5 km stafett vart avvikla. Lazutina hadde då allereie delteke i tre tevlingar i leikane, og vorte høvesvis nummer 2, 2 og 4. Startnekten var basert på positive dopingtestar av 8. og 22. desember 2001, begge testane viste funn av darbepoietin. Kvifor ho ikkje vart utestengd før midt under vinterleikane i februar, må gudane (IOK?) vite. Den internasjonale olympiske komiteen si utgreiing av saka finn du her: [1]. --Migne (diskusjon) 13. februar 2014 kl. 20:23 (CET)[svar]