Diskusjon:Lars Bjarne Marøy

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen nytter mange ord som ikkje følgjer nynorsk rettskriving. Eg er usikker på om eg skal retta dei, flytta artikkelen til Hn/, eller om me i det heile skal ha ein slik artikkel -- er personen han omtalar kjend nok? --Ranveig 19. juni 2011 kl. 10:44 (CEST)[svar]

Artikkelen bør slettast. Biografiartiklar som har den omtalde personen som tilnærma einaste kjelde kan ikkje stå. --178.232.224.89 19. juni 2011 kl. 17:54 (CEST)[svar]
Eg er og lite glad i at folk skriv artiklar om seg sjølv. Det einaste positive er at han har ryggrad nok til å skrive under fullt namn, og ikkje med IP-nummer, som ein del andre som driv i same sjangeren har for vane å gjere. Eg gjer framlegg om at forfattaren (evt.) flyttar innhaldet til Brukar:Lbmaroy i staden, og at vi slettar denne artikkelen. Trondtr (diskusjon) 4. april 2014 kl. 18:32 (CEST).[svar]
Hovudproblemet her er ikkje brukarnamnet, men det som står i sjølve artikkelen, kjelde: Marøy sjølv. Og hi kjelda noko tilnærma eit kyrkjelydsblad der, om me skal tru artikkelen, han sjølv var bladstyrar. (Sjakkresultata er ikkje slike at dei i seg sjølv gjev grunn for eigen biografiartikkel) Utfrå artikkelen å døme er dette ein kar med nokre hobbyar, og det er ikkje grunnlag for eigen biografiartikkel. --46.15.18.73 7. april 2014 kl. 12:20 (CEST)[svar]
Vestmannen eit kyrkjelydsblad? Ja, sume vilde vel ha sagt at heile målrørsla er ein einaste stor (um enn minkande) kyrkjelyd, men dei um det. Det er ingen tvil um at Marøy hev vore ein sentral målmann i høgnorskrørsla. At Marøy-artikkelen skal slettast medan ein til dømes held seg med Wikipedia-artiklar um Sigbjørn Hjelmbrekke og andre langt meir perifere personar i målrørsla, det seier vel nok om agendaen til herr 46.15.18.74. Med beste helsing Linuxboksen (diskusjon)
Nynorsk Wikipedia bør ha artiklar om målrørsla. Høgnorskrørsla er ein del av denne. Men kven som er verd artiklar, det veit ikkje eg noko om. --Knut (diskusjon) 12. april 2014 kl. 15:46 (CEST)[svar]

Eg ynskjer at artikkelen um meg vert sletta, Lars Bjarne Marøy.