Diskusjon:Leikanger

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er trengs ei oppklaring i omgrepa. Kva er ein «offisiell» tettstad? Og om dei to tettstadene har vokst saman er dei ein tettstad etter definisjonen til SSB. --Ekko 12:51, 11 april 2007 (CEST)

NAF veibok 2004-utg: «Systrond. Den 16 km lange stranden fra elva Fatla i øst, til elven Kvinna i vest. Frodig strøk med frukthager og innslag av norrøn mytologi. Mange gravhauger og gammel bondekultur.» Store Norske leksikon seier at området omfatter blant anna tettstaden Hermansverk/Leikanger. --Jorunn 14:35, 11 april 2007 (CEST)

Frå Brukardiskusjon:129.242.176.49[endre wikiteksten]

Dersom du ikkje er einig i det som blir sagt i artiklene, jfr. Leikanger, må du argumentera på diskusjonssida til artikkelen. Å berre sletta opplysingar, i dette høvet at Statistisk Sentralbyrå kallar tettstaden Hermansverk/Leikanger, går ikkje. Vil du gjera merksam på lokal bruk av namn, gjer gjerne det. Men hugs kjelder. --Ekko 10:37, 16 april 2007 (CEST)

Til det siste: Beklagar! Eg er ikkje så røynd med dette her og har difor ikkje enno lært meg kva som er rett framgangsmåte... Har no elles registrert meg som brukar – skal nok fylla på med namn osv. etter kvart.

Når det gjeld saka som så, altså om den aktuelle bygda heiter Systrond eller Leikanger/Hermansverk, er vi her inne i eit spørsmål om byrå-/teknokrati eller fakta. Eg er sjølv frå Systrond, og dermed Leikanger, og har handla på bakgrunn av det. Mine (opprinnelege) sambygdingar og dei fleste sogningar generelt ser på Leikanger og Hermansverk som ei bygd og kallar henne for Systrond. Tilsvarande blir folk derifrå kalla for ‘systrendingar’ – det finst ikkje omgrep som t.d. ‘*leikangerværing’ eller ‘*hermansverking’. Og all den tid dette namnet ikkje eksisterer i offisielle samanhengar, seier det seg sjølv at Statistisk Sentralbyrå heller ikkje bruker det. Dette dilemmaet meiner eg det må vera viktig å få fram. Og spørsmålet er altså om det er viktigare kva for namn Statistisk Sentralbyrå bruker enn kva folk på staden og i distriktet gjer. Sjølv meiner eg det siste er viktigast og at det første heller får vera ein tilleggsopplysing.

Kjelder for Systrond er ei utfordring all den tid namnet ikkje er offisielt. Det som står i NAF Veibok er faktisk heilt kurant, men ein får liksom ikkje med seg at det er snakk om ei bygd.

Det er muleg at de redaktørar fryktar fullstendig anarki og mangel på retningsliner om de gjer etter på dette punktet (altså opna for at lokal/regional navnebruk skal overstyra Statistisk Sentralbyrå). Men er det ikkje eigentleg berre eit spørsmål om å strukturera artikkelen på fornuftig vis?

Reint personleg er eg faktisk for ein god dose anarki. Som eg ser det er det imidlertid to punkter me ikkje kjem unna:
  1. Alt me skriv skal kunne dokumenterast. Uansett kor riktig det er kan me ikkje skrive noko om det ikkje er dokumentert på ein måte som kan etterprøvast av andre.
  2. Me må nytte presise ord. Bygd er ikkje eit presist ord, mens tettstad har ein definert tyding. Denne tydinga er definert av SSB. Difor nyttar me SSB sine definisjonar på kva som er tettstader og kor mange som bur i dei. At også andre definisjonar høyrer med, er sjølvsagt. Men hugs pkt. 1.
--Ekko 12:16, 16 april 2007 (CEST)
2. Presise ord er vanskeleg. «Tettstad» har ei tyding som SSB bruker, men for dei fleste vil vel ordet heller visa til 'busetjing som er større enn ei bygd og mindre enn ein by'. På same måte veit dei fleste kva bygd og by er, om dei ikkje kan definera dei med tal og statistikk. Lat oss få bruka orda våre, seier nå eg. Me skal vel ikkje slå saman artiklane om byane Sandnes og Stavanger til éin om SSB-tettstaden Sandnes/Stavanger, heller.
1. Men kjelder er bra, og burde ikkje vera vanskeleg å finna. Her er til dømes ein som bekrefter at folk frå Leikanger blir kalla systrendingar. --Ranveig 19:57, 16 april 2007 (CEST)
Presise ord er vanskeleg, men me lyt prøva. Slik artikkelen står no er det vel greit? Både sedvane og presisjon har fått sitt, trur eg. Om det så òg kjem ein kort artikkel på ordet Leikanger/Hermansverk, og artiklane om Systrond og Hermansverk òg peikar dit, så blir alt bra.
At alle veit kva ord tyder trur eg derimot ikkje noko på. Eg hoppa i stolen då eg var i Telemark med den nyfødde dottera mi, og tante sa ho var snål. At det tydde at ho var riktig godvakker visste ikkje eg. Heller ikkje at når eg jobba på sjukeheim på Eidsvold og sa at ein kollega hadde fått gilde skor, så tolka ho det som at eg syntest dei var glorete. Tettstad, bygd og by er ikkje mindre fleirtydige omgrep, heller meire. --Ekko 14:16, 17 april 2007 (CEST)
Eg er ikkje overtydd om at Leikanger/Hermansverk er noko som treng eigen artikkel. Blir dette omgrepet brukt til noko anna enn statistikk? Eg får lite treff på det med Google, fleire på Systrond. Systrond finn eg òg i Norgesglasset, midt imellom Leikanger og Hermansverk.
Når det gjeld ord som tyder ulike ting må eg seia eg synest Ekko er ein kjekk kar, og det veit eg sjølv om eg ikkje har sett noko bilde. --Ranveig 23:29, 17 april 2007 (CEST)
Åh, det er då alt for mykje... OK, så blir Hermansverk/Leikanger ei omdirigering til Systrond. (Der ser de, smiger verkar. Kvar gong.) --Ekko 09:23, 18 april 2007 (CEST)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 24. august 2008 kl. 23:55 (CEST)[svar]

[daud lenkje]