Diskusjon:Lenesfjorden

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det står at fjorden lokalt vert kalla «Lehnesfjorden». Kva skil denne uttalen frå «Lenesfjorden»? --Knut 16:45, 22 mai 2008 (CEST)

Ja, namnet er stundom brukt. Mellom anna i omtale i Fedrelandsvennen og lokalaviser, samt i namnet på porteføljeinvesteringsfirmaet Lehnesfjorden AS. Bokmålsutgåva ligg under denne tittelen. Uttalen er vel nett lik for det? --Frokor 17:13, 22 mai 2008 (CEST)
Dersom H-en ikkje påverkar uttalen, kan eg ikkje forstå kvifor han skal med. Stadnamn skal skrivast i samsvar med nedervd lokal uttale og vanlege rettskrivingsprinsipp. Eg kjenner ikkje etymologien bak namnet, men det at somme skriv namnet med ein h som truleg er ei lemning frå dansketida, gjev ikkje grunnlag for å seie at det er rett skrivemåte. Statens kartverk opnar (førebels) for Lene, Lenefjorden og Lenesfjorden - alle i samsvar med lokal utttale. Det bør vere nok. --Knut 18:23, 22 mai 2008 (CEST)
Kor står det at det er rett skrivemåte? Det står at det stundom vert nytta lokalt, noko det vert. Folk søker kanskje på Lehnesfjorden, og då bør desse nemnast. Den dagen me endrar stadnamna på Vestlandet til Statens Kartverk sine "offisielle vedtak" som ikkje er i bruk verken i daglegtale eller på vegskilt eller på nokon annan måte bortsett frå i listene til Kartverket konverterer eg til bokmål i protest! For så firkanta kan me ikkje vere. --Frokor 18:58, 22 mai 2008 (CEST)
Eg er heilt samd med Frokor i dette. Å late vere å fortelje om ein nytta skrivemåte av eit stadnamn er ikkje aktuelt. Det er greitt at artiklane vert lagde på det Kartverket må ha av godkjende namn, men av det føl ikkje at andre skrivemåtar ikkje skal nemnast, ikkje ei gong om dei skulle kunne mistenkjast å vere krota ned av ein danske frå starten av.
--Jorunn 20:55, 22 mai 2008 (CEST)
Kan de ikkje berre presisere at det er lokal skrivemåte? --Ekko 21:34, 22 mai 2008 (CEST)
Ein ting er å skrive at stadnamnet stundom vert skrive Lehnesfjorden, ein annan ting er det å skrive det i utheva skrift, og gje inntrykk av at forma med h er korrekt skrivemåte. - Eg er ikkje likegyldig med skrivemåten av stadnamn. Stadnamn er kulturminne, og har krav på vern. I Noreg, som språkleg har vore kløyvd mellom ein skriftleg og ein munnleg kultur i fire hundre år, må vi gjere eit val: skal vi ta utgangspunkt i tradisjonell skriftleg skrvemåte, eller skal vi ta utgangspunkt i nedervd uttaleform på staden? Heldigvis har lovgjevarane vald det siste prinsippet (tillempa til gjeldande rettskrivingsreglar), sjølv om det forargar mange. --Knut 21:56, 22 mai 2008 (CEST)
Eg er ikkje lokalkjendt i Lehnesfjorden, men generelt er eg samd med Knut i at det bør leggast mest vekt på nedervd uttaleform på staden. --Sigmundg 22:14, 22 mai 2008 (CEST)
Så skal eg seie meg samd med Jorunn og Frokor i at avvikande skrivemåtar kan nemnast, ikkje minst av omsyn til dei som finn oss via søkjemotorane. Google og Kvasir søkjer så vidt eg forstår like godt på kursiv som på utheva skrift, derfor er det ein god praksis å ha offisielle namn i utheva skrift, avvikande skriveformer i kursiv. Jf surstoffdiskusjonen. (Frokor: Når det gjeld vestlandsnamna, legg eg ned våpna. Vestlendingane har både målfolk og bergensarar, og greier seg godt utan mi innblanding) - Knut 22:31, 22 mai 2008 (CEST)
Godt :-) For meg er det eigentleg det same kva namn ein brukar på stader eg ikkje kjenner til. Når det opplagt finst andre stavingar som faktisk vert nytta så syns eg dei bør nemnast, helst på ein slik måte at det kjem fram at det ikkje er offisiell måte. Det er jo informasjon det òg, og me er her for å informere. At ein får treff i søkemotorane er eit godt argument på å ta dei med. Å utheve alternative namn i kursiv, offisielle eller ikkje, virkar på meg å vere ganske standard både her og på andre språkutgåver. Så då ser det ut til at me nærmar oss ei semje. :-) --Frokor 22:39, 22 mai 2008 (CEST)