Diskusjon:Leonid Brezjnev

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Foreslår flytting til Leonid Brezjnev[endre wikiteksten]

Denne sida står no på Bresjnev fordi navnet vart rekna å vera så innarbeidd i norsk språkbruk før transkripsjonsregelendringane i 1995 at det ikkje burde endrast. Eg foreslår likevel at tida no har komen for å la også dette navnet fylgje dei nye og betre retningslinene, og gjer merksam på at bokmålswikipediaen tydelegvis har kome til same konklusjon. (Lagt inn av Barend 4. januar 2007.)

OK. --Tannkrem 19:51, 11 januar 2007 (CET)
Einig — men lat oss vente til i alle fall ein fire–fem andre har sagt meininga si òg. -- Olve 20:22, 11 januar 2007 (CET)
Eg er for. «Bresjnev» blir berre mindre og mindre innarbeidd etter kvart som tida går, så la oss følgje standarden. (...men det blir nok meir halloi om Ziuganov). Trondtr 20:32, 11 januar 2007 (CET).
Gennadij Ziuganov sin artikkel har stått under det navnet sidan eg oppretta han 2. januar 2006. I hans tilfelle er det ekstra viktig at språkrådet sin transkripsjon blir brukt, sidan Zjuganov vil føra til feil uttale på norsk. Dessutan har eg faktisk sett Ziuganov brukt av NRK sine tekstarar òg - så det er, forhåpentligvis, i ferd med å bli innarbeidd. --Barend 01:45, 12 januar 2007 (CET)
Flott :-) Trondtr 23:53, 12 januar 2007 (CET).