Diskusjon:Leser søker bok

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bør desse flettast, eg trur det: Leser søker bok, Leseombod, Boksok.no, Ordknappen

Nei. Dei bør ikkje flettast. For det første gjeld artiklane fire ulike sider av ei sak. Dersom vi går gjennom dei snart femti tusen artiklane våre kan vi finne mange døme på artiklar om nærskylde emne. Mange vil oppleve det som irriterande retthavarskap om artiklar skal bli tvangsfletta. Derfor er eg også denne gongen motstandar av eit flettepålegg. - Knut 10. mars 2009 kl. 19:29 (CET)[svar]
Eg er langt på veg einig med Stykkjet. Eg kan ikkje sjå ein einaste grunn, god eller dårleg, til at desse skal vera eigne artiklar på to setningar, når det som står der likevel også står i denne artikkelen. Viss Wikipedia hadde hatt ein artikkel om meg, så hadde det ikkje vore meining i å laga eigne artiklar på to liner om hovudet mitt, kleda mine og huset mitt. Det er i det heile svært lite fornuftig, og heller ikkje i tråd med Wikipedia sine retningsliner, at ein person skriv seks (eller fleire) bittesmå artiklar om seg sjølv og sin eigen jobb.
Ein annan artikkel som òg bør flettast, er Bok til alle-bibliotek, som heller ikkje inneheld noko som ikkje står i denne artikkelen.
Viss me ikkje kan diskutera artikkelstruktur og fletting av einskildsetningar så er det vanskeleg å laga eit brukarvenleg leksikon og ha ein konsensusbasert prosjektmodell. Me kan godt ha artiklar om nærskylde emne, men då må det vera artiklar, ikkje haugevis med oppslagsord nesten utan innhald. --Tannkrem 10. mars 2009 kl. 19:56 (CET)[svar]
Omdirigeringar kan vel vera noko? T.d. er artikkelen om nettsida ei setning lang og blir neppe lenger- Setninga står òg i denne artikkelen. Då er det vel like greit med ei omdirigering hit? --Ekko 10. mars 2009 kl. 20:29 (CET)[svar]
Ja, i dette tilfellet er det jo ikkje noko å fletta inn, så omdirigering er nok det rette ordet. --Tannkrem 10. mars 2009 kl. 21:04 (CET)[svar]

To setningar? Dei to lengste av desse artiklane har 10-12 setningar kvar + annan informasjon. Dersom vi ønskjer at nynorsk wikipedia skal bli eit betre oppslagsverk, skal vi ikkje skulde nye bidragsytarar for å vere mest opptatt av sin eigen jobb, og for å skrive artiklar utan innhald. Det kan hende at nokre av innvendingane ovanfor har noko for seg, men vi bør vere meir opptatt av vi å gjere dei dårlege artiklane våre om viktige emne betre, enn å skrike om kapp over at ein førstedagsbrukar ikkje følgjer administrator-konsensusen. --Knut 10. mars 2009 kl. 21:23 (CET)[svar]

Viss du er opptekne av at andre heller skal diskutera noko viktig, synest eg eigentleg det er rart at du protesterer så sterkt på mindre redaksjonelle endringar (for det er jo verkeleg det det er snakk om her), utan at du kjem med eit einaste argument for kvifor me ikkje skal gjera dei. Og dei fleste "artiklane" som er føreslått å omdirigera til denne, inneheld berre svært få setningar, som attpåtil er gjentekne i dei artiklane som faktisk har litt innhald og kan vera verdt å ta vare på.
Og at brukarar ikkje skal skriva artiklar om oss sjølve eller ting me har sterk personleg tilknyting til, er retningsliner Wikipedia har. Då må det vera lov å minna både gamle og nye brukarar på at Wikipedia har retningsliner. --Tannkrem 10. mars 2009 kl. 21:56 (CET)[svar]
Vi bør ikkje vere opptekne av å vere perfekte. Vi bør heller fokusere på å bli betre. Og du må ikkje skrive at eg ikkje har komme med «eit einaste argument», når sanninga er at eg har komme med minst to. Meir tid orkar eg ikkje kaste bort på denne diskusjonen. - Knut 10. mars 2009 kl. 22:29 (CET)[svar]
Det er ikkje viktig å slå saman desse artiklane. Spørsmålet er, med eit sideblikk til tidlegare debattar om spirer, om to av desse nokon gong blir noko meir enn spirer. Vi kan godt la dei stå ei stund, for å sjå om dei får meir innhald. Samstundes er det slik at vi må kunne redigere gode innspel frå nye brukarar og. stykkjet 10. mars 2009 kl. 22:31 (CET)[svar]
Ordknappen kan godt ha sin eigen artikkel, fordi det faktisk er noko ein kan skriva ein artikkel om. Dei andre kan me laga omdirigeringar på, så kan dei alltids opprettast ein gong til dersom dei ein gong, mot alle odds, vert viktige nok og nokon vil skriva skikkelege artiklar om dei. Om leiaren for denne verksemda er leksikonverdig er eg derimot veldig usikker på.
Å ha ein masse små artiklar om det same vil etter mi meining gjera Wikipedia til eit dårlegare leksikon, fordi dei som leitar etter informasjon vil måtta gå gjennom ein bråte med internlenkjer utan innhald før dei veit om dei har lese alt som er å lesa om emnet. Difor synest eg faktisk det er viktig å kvitta seg med sånne oppsamlingar av innhaldslause lenkjer. --Tannkrem 10. mars 2009 kl. 23:12 (CET)[svar]
Einig. Me bør ha som prinsipp at det både skal vera fritt fram å fletta og kutta ned, og oppretta og legga til. Elles blir me bare ein nynorskutgåve av den store, men uetterrettelege og forvirrande verdsveven. No tek eg likevel til orde for å halda på leseombod som eigen artikkel. Om me gjer han meir verdsomspennande er det mykje meir spennande som kan skrivast der. --Ranveig 10. mars 2009 kl. 23:51 (CET)[svar]