Diskusjon:Levande lys

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2006.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2006

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Levande lys[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Ei hyggeleg og god side i desse førjulstider. Godt skrive og med bilete og informasjon utan å vere for lang. stykkjet 09:47, 18 desember 2006 (CET)

Dei raude peikarane må bort, i alle fall dei mest sentrale, som voks, feitt, Luciadagen osb. Elles er det ein lysande døme på korleis det skal vera. --Ekko 10:33, 18 desember 2006 (CET)

Voks og talg står att no. Men burde det ikkje òg stå eit kort avsnitt om konsekvensar som brannfare? Det er jo eit viktig moment ved bruk av levande lys... --Tannkrem 12:46, 21 desember 2006 (CET)
No er alt dette på plass òg. --EIRIK\diskusjon 17:18, 21 desember 2006 (CET)

Røysting[endre wikiteksten]

  • For For. stykkjet 09:47, 18 desember 2006 (CET)
  • For For. --Gunnernett 14:14, 19 desember 2006 (CET)
  • For For. --EIRIK\diskusjon 19:22, 19 desember 2006 (CET)
  • Imot Imot. Manglar for mange støtteartiklar. Når det er fiksa er han ein særs god kandidat. --Ekko 20:00, 19 desember 2006 (CET)
  • Imot Imot. Samd med Ekko. --Tannkrem 12:46, 21 desember 2006 (CET)
  • For For -- «Blålenkjer» er faktisk ikkje ein del av krava til ein god artikkel, sjølv om eg er einig i at det er fint at han har mykje av det slaget. --Ranveig 17:42, 21 desember 2006 (CET)
  • For For -- Det er krav til gode lenkjer, og det er krav til at viktige lenkjer skal vera blå. Men det ser ut til å vera oppfylt no. Det er òg nok av artiklar som peikar til denne sida. Kjelder manglar, og hadde vore fint å få inn, men opplysningane her er jo ikkje direkte kontroversielle. --Tannkrem 18:11, 21 desember 2006 (CET)
  • For For Betre no. --Ekko 22:33, 21 desember 2006 (CET)

Lys eller ljos[endre wikiteksten]

Etter kva eg veit er vel lys ein sideform av ljos, og er det ikkje helst hovudformane ein skal bruka på nynorsk Wikipedia? --Lars 17:44, 15 mars 2007 (CET)

Dei er jamstilte. Men eg støttar forslaget ditt. Alltid kjekt å kunna bruka sær-nynorske ord. Kva med ei røysting? --Tannkrem 17:46, 15 mars 2007 (CET)
Det same får vel gjelda på lys-artikkeln og. --Lars 17:53, 15 mars 2007 (CET)
Me endrar i regelen ikkje hovudformer når dei først er valde (bortsett frå viss me skriv om artikkelen heilt, då). Det er for mykje anna arbeid å gjera til at me kan kasta vekk tid på slikt att-og-fram-arbeid. --Ranveig 18:41, 15 mars 2007 (CET)

Denne artikkelen manglar kjelder, slik at lesar kan finna att fakta. Utan kjelder veit ein heller ikkje om dette er truverdig. --Jarhaugin 18. august 2011, kl. 14:51 (CEST)

Det er sant. Eg har hatt dette i bakhovudet ei stund, men no er det i framhovudet. --Ranveig 18. august 2011 kl. 17:01 (CEST)[svar]

Ikkje så god?[endre wikiteksten]

Denne artikkelen blei røysta fram som god artikkel for ti år sidan. Eg trur nivået på artiklar har heva seg sidan då, særleg når det gjeld kjelder - som denne artikkelen rett og slett manglar. Kanskje me like gjerne skulle fjerna god artikkel-merket her? --Ranveig (diskusjon) 6. desember 2016 kl. 17:38 (CET)[svar]

Einig. Artikkelen er fin, men kjeldefattig, og kunne nok dekt litt fleire aspekt ved levande lys før den eventuelt kan merkast som god igjen. – Neuraxıs (diskusjon) 7. desember 2016 kl. 13:19 (CET)[svar]