Diskusjon:Lofoten

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hadsel ligg da verkeleg i Vesterålen...? Kjelder for at kommunen blir rekna med til Lofoten? -- Olve 07:43, 12 januar 2008 (CET)

Som lofoting vil eg hevde at den delen av Hadsel kommune som ligg på Austvågøya er i Lofoten. Lofoten er eit landskap, ikkje eit administrasjonsområde. Det blir derfor for dumt å rekne delar av den "vesle" øya Austvågøy til Vesterålen. stykkjet 16:14, 12 januar 2008 (CET)
Hadsel har vel likevel aldri vore rekna som ein del av Lofoten. Og lista over kommunar gjeld nettopp dette, kommunar i Lofoten. Austvågøy er nemnt i innleiinga, der det står kva for geografisk område Lofoten omfattar. Kva som er geografisk dumt eller lurt er ikkje noko eit leksikon skal definera på eiga hand. --Tannkrem 18:06, 12 januar 2008 (CET)
Det kan vel gjerast så enkelt som å fjerne Hadsel frå lista og skrive under lista «I tillegg vert Austvågøya i Hadsel kommune rekna som ein del av Lofoten»? --Frokor 18:39, 12 januar 2008 (CET)
Kanskje det. Men i så fall må nokon finna ei (god) kjelda for dette, slik Olve ba om. Og det trur eg ikkje ein finn. To andre norske leksikon eg veit om (caplex og riksmålswikipedia), i tillegg til regionrådet for Lofoten påstår at Hadsel ikkje er ein del av Lofoten. Og at Austvågøy er i Lofoten står jo alt i artikkelen, så eg ser eigentleg ikkje nokon god grunn til å skriva det ein gong til.
I artikkelen om Vesterålen står det at ein del av Austvågøy høyrer til Vesterålen. Sjølv om øya ofte vert rekna som ein del av det geografiske området Lofoten, utan atterhald om at litt av øya tilhøyrer ein annan kommune. Om dette er absurd eller dumt, kan vel kvar og ein ha sine meiningar om, utan at det har særleg mykje med saka å gjera.
Hinnøya er ei anna øy, som er delt mellom Lofoten- Vesteråls-, Ofoten- og Troms-kommunar, utan at me av den grunn treng omtala det så mykje i andre artiklar enn den om Hinnøya. --Tannkrem 19:59, 12 januar 2008 (CET)

Ein generelt ting her: Tradisjonelle landskap blir oftast delte av fjell, ikkje av fjordar. Slik òg i dette fallet. I vår tid med biltrafikk og kommunegrensereguleringar kan det dermed sjå ut som om landskapa er «feil». Men inntil noko formelt skjer, så er det dei gamle landskapsgrensene som gjeld. -- Olve 21:27, 12 januar 2008 (CET)

No får ein inntrykk av at heile Austvågøy er ein del av Lofoten. Det bør jo nevnast at berre delar av ho vert rekna som ein del av Lofoten, slik det er gjort med Hinnøya. --Frokor 21:54, 12 januar 2008 (CET)