Diskusjon:Lombardisk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Etymologisk er 'lombardisk' og 'langobardisk' det same ordet, men eg trur ikkje det er korrekt at me på norsk brukar 'lombardisk' i tydinga 'langobardisk'. Etter det eg veit finst det berre eit språk der 'lombardisk' (eig. 'Lombard') hev begge tydingane, nemleg engelsk. Tysk t.d. skil mellom 'lombardisch' og 'langobardisch'. Eg ser ingen grunn til å fylgje den tvetydige engelske løysinga. --Jorgengb 3. mai 2006 kl. 09:48 (UTC)

'Lombardia' eller 'Lombardi' på norsk? Eg held ein knapp på 'Lombardi', med trykk på den siste stavinga, jfr. de 'Lombardei', dk 'Lombardi(et)' og Riksmålsordboka 'Lombardi', se 'Lombardi(et)', lmo 'Lumbara', it 'Lombardia', fr 'Lombardie'. Med anna trykkplassering: en 'Lombardy'.--Jorgengb 26. mai 2006 kl. 13:24 (UTC)

Personleg held eg (nesten) alltid ein knapp på navnet "dei innfødde" brukar, i dette tilfellet Lombardia. Akkurat i dette tilfellet er til og med Språkrådet samde med meg, som du ser her. Difor tilbakestilte eg til Lombardia. Danskar og riksmålsfolk får gjera som dei vil. (Barend 26. mai 2006 kl. 14:17 (UTC))
Og kvar plasserer du hovudtrykket i ordet 'Lombardia' ? --Jorgengb 01:14, 1 november 2006 (UTC)
Når det gjeld Språkrådet, vel... dei må takast med ei klype salt. Berre sjå på korleis dei 'normerer' stadnamna i Tibet: enkelte på tibetansk, andre på kinesisk... fullstendig kaos, spør du meg.--Jorgengb 01:20, 1 november 2006 (UTC)
Når det gjeld 'dei innfødde', så er det slik at på dei fleste lombardiske dialektane heiter det Lumbardía [lumbar'dia], ikkje Lombardia.--Jorgengb 01:29, 1 november 2006 (UTC)

Talet på lombardisktalande kan vera oversestimert[endre wikiteksten]

Bruk av istat.it (PDF), oppgjeve av Engelsk Wikipedia. er tvilsam. Problemet er at offiselle italienske statistikkar, til skilnad frå dei sveitsiske, skil berre mellom «bruk av dialekt» og «bruk av italiensk». Dei ser ikkje på kva for dialekt det dreiar seg om. Innflyttarar frå t.d. Veneto eller Sør-Italia som svarar at dei snakkar dialekt, vil telja som brukarar av lombardisk i slike statistiske undersøkingar, sjølv om den dialekten dei snakkar, ikkje er lombardisk men ein dialekt av eit anna språk.--Jorgengb 10:35, 6 april 2014 (UTC)