Diskusjon:London

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

London[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Artikkelen er omsett frå ein anbefala artikkel på Wikipedia - bokmål. Martin NH 11:29, 12 mai 2008 (CEST)


Denne artikkelen har eit problem. London er ikkje berre byen, men på ein måte også stadane i byen. Kan ein sei ein artikkel med raudlenkjer til Madame Tussauds, Buckingham Palace, Big Ben, London Bridge og Tower Bridge er ein ekte Londonartikkel? Der ein har lenka er det enkelte plassar til spirer, som London Underground og Themsen. Artikkelen verkar vetug den, men det er ein kritisk mangel på tilhøyrande artiklar. Etter mi meining bør vi vente med å godkjenne denne artikkelen til ein del anna er tilgjengeleg her. --Krekling 00:02, 14 mai 2008 (CEST)

Har no laga artiklar på dei raude lenkjene du peikte på. Spirene, og dei nyleg lagde artiklane, skal eg utvida etter kvart. Martin NH 21:15, 14 mai 2008 (CEST)
Ja, no ser det mykje betre ut. :) Fint arbeid! --Krekling 14:56, 15 mai 2008 (CEST)

Ein kommentar til Anders si innvending: Dersom han meiner Charles Dickens - eller andre - treng ei internlenkje, så putt hakeparentesene på plass sjølv! Dette er eit dugnadsarbeid, og ikkje ein disputas der doktoranden skal gjere alt sjølv! For øvrig ventar eg med å røyste; det er ikkje nok at han er omsett frå ein 'anbefalt' bokmålsaartikkel, omsette artiklar må løfte seg litt over originalen for å få stjerne. Synst no eg. --Knut 17:02, 15 mai 2008 (CEST)

Har putta tilbake lenka no, skjønar ikkje kvifor det ikkje var hyperkobling på den. Er dessutan einig med det Knut påpeikar. Martin NH 17:05, 15 mai 2008 (CEST)
Knut: Når nokon fjernar hyperkoplinga til Dickens (blant anna) med samandraget "fjerner Irrelevante lenkjer", då går eg ut ifrå at vedkommane verkleg tykkjer at lenkjene ikkje er relevante. Ikkje er eg einig, og ikkje tykkjer eg ein god artikkel skal tvinge folk til å bruke søkefeltet for å lese meir om eit emne. Skal ein då ha ein redigerings"krig" over ingenting, eller ein dialog (eller disputas som du flåsete kallar det) først? Det var vel ei misforståing ettersom det ser ut som skribenten fjerna meir enn han ville, men ein oppklårande dialog er det eg føretrekkjer. Meir tid og krefter er det vel ikkje naudsynt å nytte. Anders 20:26, 16 mai 2008 (CEST)
Greitt; eg var ikkje redd at tilbakeføring av hakeparentesar ville bli tatt ille opp - elles er eg samd i det du skriv. --Knut 20:54, 16 mai 2008 (CEST)
Berre for å oppklare: Denne lenka blei fjerna med ei feiltaking, då nokre andre blei fjerna. Eg orsakar det som skjedde. Martin NH 22:05, 16 mai 2008 (CEST)

Slutter meg til Knut her: Artikkelen er svært lovande, med det meste på plass og lesbar lengd, men manglar endå litt omhug for å bli god med stjerne. Eg har desse innvendingane:

  • Demografi har litt mykje detaljert statistikk under Nasjonalitet og etnisitet. Dette er interessant stoff som også kan drøftast historisk, men då må det absolutt flyttast til ny artikkel.
  • Administrasjon kunne vore litt lengre. Ein bør kunne finna ut kva bydelane i London heiter, kanskje bør dette stå i ein eigen utfyllande artikkel om geografi i London el.l. Eg hadde venta å finna desse under Geografi, no er dei nemnde under Administrasjon. Kanskje kan det stå ein setning kvar stad?
  • «Attraksjonar i byen» er ei litt uheldig overskrift, me er ikkje Wikitravel. «Viktige bygg», kanskje? Då kan me få med min favoritt, Sylteagurken, også.

Til slutt er språket greitt, men eg la merke til litt smårusk då eg faktisk gjekk inn og skreiv noko, så ein bør sikkert sjå over heile teksten med strengt blikk. --Ranveig 17:44, 15 mai 2008 (CEST)

Har prøvd å fikse litt på innvendingane, er dei slik som du tenkte? Dersom ikkje må du berre endra det slik du ville ha det. Ein språkvask kunne artikkelen absolutt trengt. Ein blir litt ordblind når ein omset så lange artiklar. Martin NH 18:11, 15 mai 2008 (CEST)
Eg ventar litt med å stemme, men eg trur eg kjem til å stemme for etter at artikkelen har fått modnast litt. Skal prøve å bidra litt sjølv. --Bep 18:16, 15 mai 2008 (CEST)

Fin artikel, men jeg synes dog at indledningen bør gøres lidt længere for at blive en god artikel. Man burde også lave en uddybende artikel til Londons historie, da afsnittet i artiklen er ret kort. --Hejsa 19:33, 15 mai 2008 (CEST)

Å lage ein eigen historieartikkel til London har vore i planane mine. Til helga set eg i gong arbeidet med å omsetje bokmålsartikkelen, som er lang og utfyllande. Martin NH 20:38, 15 mai 2008 (CEST)
Denne artikkelen er no ferdig, og det ligg ei lenkje til denne under historiedelen. Martin NH 23:13, 17 mai 2008 (CEST)

Setninga «I 1940-åra førte andre verdskrig, og vidare lovgiving omkring det grøne beltet, til at veksten stoppa opp.» er nokså uforståeleg dersom ein ikkje kjenner til Patrick Abercrombie og planen hans. Her bør det stå litt om tanken bak The green belt, og kor det ligg. --Ekko 20:21, 15 mai 2008 (CEST)

Personleg kjenner eg ikkje til tanken bak det grøne beltet, så om nokon gjer det er det veldig greit om dei kan utfylle informasjon her. Martin NH 20:39, 15 mai 2008 (CEST)
Du finn noko om det her. --Frokor 20:45, 15 mai 2008 (CEST)
Og meire her. --Ekko 20:57, 15 mai 2008 (CEST)
Laga no ei spire om det grøne beltet, og hyperkobla til denne frå den aktuelle setninga. Dersom de vil utvide han, må de berre det. Martin NH 22:22, 16 mai 2008 (CEST)

Dette var bra. Men korfor er ikkje referansane (fotnotane) tekne med i omsetjinga? Det er like viktig med kjelder og bakgrunnsinnformasjon på nynorsk som på bokmål! -Knut 20:36, 18 mai 2008 (CEST)

Etter mi meining gjer omsettaren rett. Ein skal ikkje nytte referansar ein ikkje sjølv har lese. --Ekko 20:41, 18 mai 2008 (CEST) Men når det er sagt så burde det ha vore ein enkel sak for omsettaren å lese dei sjølve. --Ekko 20:43, 18 mai 2008 (CEST)
Utan referanselista er artikkelen dårlegare enn originalen han er omsett frå. -Knut 20:54, 18 mai 2008 (CEST)
Det er sant det som Ekko skriv. Eg hadde ikkje tilgang til internett då eg omsette artikkelen, og kunne derfor ikkje sjekke opp desse referansane. Ein gong eg får tid til det kan eg gjere det, og legge dei til i artikkelen. Martin NH 21:32, 18 mai 2008 (CEST)
No har eg lese og kopiert inn mange av referansane i artikkelen frå Wikipedia på bokmål. Martin NH 19:25, 19 mai 2008 (CEST)

No oppfyller røystinga kravet om fire eller meir røyster for og ingen mot for å bli ein god artikkel. Martin NH 20:57, 19 mai 2008 (CEST)

Dessutan har eg no gjort endå fleire av hyperkoplingane blå. Martin NH 19:00, 23 mai 2008 (CEST)

Røysting[endre wikiteksten]

  1. For For. J. T. Salte (diskusjon) 23:00, 13 mai 2008 (CEST)
  2. For For Anders 16:13, 15 mai 2008 (CEST) Artikkelen seier (som rett er) at Charles Dickens satte London på det litterære verdskartet, utan å spandere lenkje på fyren? Har me blitt gnitne på utlenkjer no? Greitt nok at Dickens ikkje heilt har artikkelen han fortener enno, men svensk wp har mykje meir som kan omsetjast om han... Anders 16:13, 15 mai 2008 (CEST)
  3. For For --Bep 23:31, 17 mai 2008 (CEST)
  4. For For --Hejsa 14:13, 18 mai 2008 (CEST)
  5. For For --Martin NH 16:05, 18 mai 2008 (CEST) No tykkjer eg artikkelen byrjar å oppfylle krava til å bli ein god artikkel. Martin NH 16:05, 18 mai 2008 (CEST)
  6. For For --Ranveig 18:55, 18 mai 2008 (CEST)
  7. For For --EIRIK\diskusjon 21:39, 18 mai 2008 (CEST)
  8. For For --Knut 20:38, 19 mai 2008 (CEST)
  9. For For --Sigmundg 19:34, 23 mai 2008 (CEST)
  10. For For --Frokor 22:10, 23 mai 2008 (CEST)

Litt vel "brutal" av-lenking[endre wikiteksten]

Eg ser at denne artikkelen no er fri for raude lenker, og eg kan vere med på at dette tek seg godt ut, men eg er ikkje samd i at vegen dit er å fjerne relevante lenker, som t.d. Greenwich. --Bep 22:37, 9 mai 2008 (CEST)

Samd i det. Om nokon lagar artikkelen Greenwich trur eg det kan ta lang tid før han peikaren vert lagt tilbake i London-artikkelen. --Frokor 22:44, 9 mai 2008 (CEST)
For øvrig skryt til Martin for å heve denne artikkelen opp til eit nivå han fortener. --Bep 00:20, 10 mai 2008 (CEST)
Mange takk for det! No er omsetjinga fullførd. Martin NH 15:41, 10 mai 2008 (CEST)

Kvifor folketalet sank[endre wikiteksten]

«Då oppbygginga etter andre verdskrigen starta, kom ikkje folketalet opp til førkrigsnivå igjen, blant anna fordi mange valde å busetja seg i forstadar og nye byar» er ein litt merkeleg påstand. At folk flyttar frå ein by skjer vel heile tida? Noko må i tilfelle ha skjedd som gjorde at fråflyttinga var større enn tilflyttinga? Kan dette «noko» vera at bombinga under krigen råka slumstroka hardt (kor folk budde trongt) slik at attreisinga gav plass til færre folk? Og då i samband med at The Green Belt gjorde at byen ikkje kunne bli større i omfang? --Ekko 20:02, 18 mai 2008 (CEST)

Så vidt eg minnest frå geografiundervisninga skjedde det same i Oslo etter krigen; eg trur fenomenet skyldest at folk ville ha større og fleire rom i husa sine, slik at det ikkje vart plass til så mange menneske i sentrum. Samstundes gjorde betre kommunikasjon dagpendling mogleg over større avstand. -Knut 20:20, 18 mai 2008 (CEST)PS ser på SSB at folketalet i Oslo sank litt frå midt på 1960-talet til midt på 1980-talet.-- Knut 20:31, 18 mai 2008 (CEST)
Tja, dette kan ha vel så mykje med at den siste offisielle kartlegginga av folketalet i London før andre verdskrigen var i 1931, folketalet vart berekna i 1939 og den tiårige syklusen starta opp att i 1951 (http://www.cch.kcl.ac.uk/legacy/teaching/av1000/numerical/problems/london/index.html). --Bep 20:33, 18 mai 2008 (CEST)
Me har rett og slett litt usikre overslag for denne perioden altså? --Ekko 20:39, 18 mai 2008 (CEST)
Uten å ha lese all teksten på nettsida Bep viser til, ser eg at tala seier at toppnivået vart nådd like før krigen. Og, sidan det same skjedde i Oslo ein mannsalder seinare (utan krig), synest eg ikkje det er så rart. Eg set inn tabellen som ei kjelde. Som kommentert ovanfor saknar eg fotnotelista fra originalartikkelen.-Knut 20:46, 18 mai 2008 (CEST)
Eg trur ikkje det var demografane som skreiv historia om London, og at historikarane ikkje alltid ser så grundig på dei data (eller mangel på data) som ligg bak folketalsutviklinga. Det eg i alle fall er ganske sikker på er at det er svært vanskeleg å rekne seg fram til eit folketal etter andre verdskrigen med 20 år gamle data (korleis påverka krigen dette?). Eg vil tru at statistikken blei meir korrekt utover på 60- og 70-talet, men dette er ikkje mitt fagfelt. --Bep 20:53, 18 mai 2008 (CEST)
Folketalsutvikling er viktig for all byplanleggjing. 1930-åra var ikkje i mellomalderen. Sjølv om estimat alltid, til ein viss grad, er usikre, finn eg ikkje grunnlag for å trekkje i tvil hovudtendensen: At folketalet var på topp rett før krigen. Årsakene til nedgangen i åra som følgde, seier tabellen derimot ikkje noko om. -Knut 21:00, 18 mai 2008 (CEST)
Og forklaringa som står der er eigentleg inga forklaring, det er mitt hovudpoeng. Så derfor stryk eg ho om det ikkje kjem ei betre. --Ekko 22:06, 18 mai 2008 (CEST)

Eit interessant poeng er at folketalet i «Inner London/former London County» kuliminerte tidleg på 1900-talet [1], og at folketalet i metropolen London kuliminerte ca 1939. Er Inner London det same som City? Eg prøvde å skrive noko om dette, men eg fann ikkje kjelde for folketalet i London med tettstad-omland. -Knut 22:58, 18 mai 2008 (CEST)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [2]. BepBot 25. august 2008 kl. 00:03 (CEST)[svar]

[daud lenkje]

Død lenke 2[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [3]. BepBot 25. august 2008 kl. 00:04 (CEST)[svar]

[daud lenkje]