Diskusjon:Longenestinden

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg valde forma Longenestinden, som i bygdeboka og i daglegtalen i området, i staden for Langenestinden i Fotturar på Sunnmøre, og i alle fall ikkje kartet sitt Langnestinden. Breitinden er det namnet som eg har vore vand med å bruke, slik fjellet ser ut frå der eg kjem frå. Men her er så mange Breitindar, difor valde eg Longenestinden som artikkeltittel. Standalhornet har eg knapt høyrt brukt, men fjellet ligg midt mellom dei to Standal-bygdene, og dette namnet blir nemnt i Fotturar på Sunnmøre. Eg har laga omdirigeringar. --Egil Arne 16. mai 2009 kl. 20:10 (CEST)[svar]