Diskusjon:Lunde på Stord

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva som skal stå i denne artikkelen[endre wikiteksten]

No har det vore rydda i denne artikkelen, for å få han til å samsvara med dei krava som Wikipedia stiller til artiklane som står på Wikipedia. Det er difor ikkje akseptert at nokon rullar attende den oppryddingsjobben som er gjort.

  • At det er mykje hatl på Lunde er greitt å ha med i artikkelen, saman med andre særtrekk ved staden. Lange utlegningar om skogbruk og pitling og seljing av neter i Sunnhordland i gamle dagar har derimot ikkje noko spesielt med denne konkrete staden å gjera. At hatlen på Lunde kan ha vore større enn andre tre kan godt henda, men «truleg størst» utan kjelder er ikkje leksikonstoff.
  • Nydeleg utsikt o.l. er subjektive utsegner som ikkje skal vera på Wikipedia.
  • Eit pissebrot treng kjelder og bør forteljast om på ein noko meir leksikonaktig måte.

--Tannkrem 16. april 2010 kl. 15:33 (CEST)[svar]

Det er ikkje EIT pissebrot, men Pissebrotet. Det er eit kjend stadsnamn på Lunde.
Og forresten så høyres det ikkje ut som om deu veit så mykkje om Lunde. Det gjer derimot eg. Eg er enig med Alun dy at det er lit dumt at du sletter alt han har skreve da eg veit at mykje av dette er rett. Viss du vil ha kjelder så er det berre å finna frem bygdaboka og andre bøker der det står skreve om gardane på Stord. Der står mykje av det Alun dy hadde skreve. Eg har sakna at det står noko om Lunde på Wikipedia så eg synast det er bra at nokon endeleg tok initativet til å skriva om Lunde. Så eg synast du heller kunne hatt ein meir positiv innstilling til dette en det du har hatt til no. Du kunne også takla dette på ein meir vaksen måte en det du har gjort til no. Eg har føllt godt med på utvikklinga av denne artikkelen i snart ei veke no. å det syner seg at det er du som oppatruller det han har endra på og ikkje motsatt.
Dette usignerte innlegget vart skrive av 88.91.104.157 (diskusjon · bidrag)
Spørsmålet er ikkje, og har aldri vore, kven som veit mest om Lunde. Spørsmålet er kva (av både påstandar, formuleringar og faktaopplysningar) som høyrer heime på Wikipedia. Det skal ikkje vera slik at ein sjølv må vita alt om eit emne for å kunna stola på det som står på Wikipedia om det emnet. Då treng dei jo ikkje lesa om det. Og om ein artikkel ikkje har kjeldetilvisingar, kan me ikkje utan vidare stola på at det som står der er sant.
Det er ikkje eg som skal finna fram kjelder, det er det artikkelforfattaren som skal gjera. Eg har ikkje bygdeboka eller andre bøker om gardar på Stord, og kan difor ikkje «berre finna dei fram». Eg føreslår difor at de som har høve til dette, finn boka fram og skriv i artikkelen at denne boka er kjelda (og kven som er forfattar av boka). Det er det einaste eg ber om når det gjeld kjelder.
No har eg teke inn igjen dette om Pissebrotet, og reknar ikkje med at det er noko å krangla om lenger. Eg har òg kome med ei grunngjeving for dei endringane som eg har gjort, så denne diskusjonen er ferdig no, om de ikkje har noko anna å seia enn at de synest det er dumt /leit /gale.
Eg har ingenting imot at folk skriv om stader og stadnamn på Wikipedia, eg synest det er kjempeflott. Eg har jamvel kome med forslag til andre ting Alun dy kan skriva om for å fylla ut med meir informasjon. Men når erfarne Wikipedia-brukarar rettar på artiklane for å få det til å passa inn i Wikipedia-formatet, nyttar det ikkje å berre endra attende. Det er ingen som har fjerna noko for å vera ufine eller slemme. Alun dy har rulla attende endringane til tre ulike brukarar (Det kan du sjå på historikken). Dette er ikkje ei åtferd som vanlegvis vert akseptert på Wikipedia, men her på Nynorsk Wikipedia brukar ein ikkje å stengja ute brukarar som viser vilje bidra på ein positiv måte. Difor har han /ho sluppe med ei åtvaring. --Tannkrem 18. april 2010 kl. 16:39 (CEST)[svar]

Kva som gjerne kunne ha stått i denne artikkelen om nokon ville skriva ein betre og meir informativ artikkel[endre wikiteksten]

  1. Kor lenge har staden vore busett?
  2. Har det budd nokon særleg viktige folk der?
  3. Kor mange husstandar er det på Lunde i dag?
  4. Er det framleis gardsdrift på garden?
    1. Kva og kor mykje?
    2. Når vart det eventuelt slutt på gardsdrift?

Slike ting kan vera relevant å skriva om i ein artikkel om ein gard. --Tannkrem 18. april 2010 kl. 16:47 (CEST)[svar]

Eg sjønner kva du seier. Men har du alldri tenkt over at Alun dy og kan vera ein erfaren wikipedia bruker og at han rulla attende artikkelen på grunn av at dei gjorde det først? Men eg veit ikkje og eg ser at masse kan forbetrast enda. og forresten. det er vframleis gardsdrift på Lunde enda. ein gard er framleis aktiv. dei driver med produksjon av storfekjøtt. dette har eg ingen konkrete kjelder på bortsett frå at eg kjenner dei som driver garden. det er adskjilleg færre enn før som driv aktiv gardsbruk. det er også 3 garder som har store jorder som dei slår om sommaren. Men der er ingen dyr igjen på nokre av dei. juletre salg er det ein av dei som også driv med. viss du vill så kan du skriva eit PASSANDE stykke om dette sidan eg ikkje har så god erfaring som du tydlegvis har. Dette usignerte innlegget vart skrive av 88.91.104.157 (diskusjon · bidrag)
Nei, eg har ikkje tenkt at Alun dy kunne vera ein erfaren Wikipedia-brukar. Hadde han vore det, ville han ikkje ha rulla attende den første oppryddinga til Jorunn, men teke saka opp på diskusjonssida. Viss eg trudde dette var ein erfaren Wikipedia-brukar hadde eg blokkert han for lenge sidan.
Det finnest påstandar som ein ikkje treng skriftlege kjelder på. Opplysningar som det du kjem med no, er eit tilfelle der det etter mi meining er greitt å seia at kjelda er ein person som bur der eller liknande.
Eg veit ingenting om Lunde, og ynskjer i utgangspunktet at dei som gjer det skriv om det. Eg veit derimot mykje om Wikipedia, og kan difor hjelpa til med å støypa informasjonen i rett form.
Hugs å signera diskusjonsinnlegga dine. Det kan du gjera ved å skriva --~~~~ eller ved å trykkja på ein av knappane over skrivefeltet. --Tannkrem 18. april 2010 kl. 17:13 (CEST)[svar]