Diskusjon:Lungeemfysem

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hei! Ser du lurer på serine. Serine (eller kanskje serin på norsk?), er ei aminosyre. Serinpeptidasar er ei gruppe enzym (peptidasar) som bryt ned peptidband i protein. Dei vert laga av cceller i bukspyttkjertelen. Desse enzyma -eit døme på dei er trypsin, forresten- inneheld ei seringruppe i det aktive senteret sitt. (Fann dette på engelsk wiki, biokjemi er diverre også ei av mine mange svake sider!) Nøytrofile blodceller inneheld slike enzym.

Synest forresten at uttrykket «bronkialpassasjane» virkar litt tungt, bronkiar eller bronkiolar burde vel vera dekkjande for desse strukturane? Elles er du i ferd med å gjera eit formidabelt arbeid med luftvegane! 8-) --PerPlex 18. des. 2005 kl. 22:29 (UTC)

Takk for nyttig innspel om «serin». Er litt usikker på kva som blir rettast form etter norsk språkbruk, sidan eg aldri har vore borti ordet anna enn på engelsk. Truleg samskriving (etter eksemplet ditt), så eg skal gjera det no. Når det gjeld bronkialpassasjane, så er det vel eigentleg [minst] like greitt å berre skrive bronkiane/bronkiolane, ja. Elles er det no berre å slengje seg med på luftvegsoffensiven om du føler for det. Sikkert meir enn nok småplukk å rette på det ikkje-faglærte arbeidet mitt... :-] Olve 19. des. 2005 kl. 03:45 (UTC)