Diskusjon:Målform

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«målform» er eit generelt omgrep som er synonymt med 'språknormal' og 'skriftspråk', jf. ordboka. Artikkelen bør skrivast om. Njardarlogar 16. mai 2011 kl. 15:19 (CEST)[svar]

Artikkelen bør ikkje berre skrivast om. Det er uheldig at han skal vera den nynorske artikkelen for ‘standardspråk’ – nemninga ‘målform’ er ein særnorsk term brukt om den norske språkstoda med to nærskylde standardspråk og for å unngå å omtala dei som nettopp to språk. Artikkelen bør såleis ikkje koplast opp mot ‘standardspråk’ på ulike andre språk, men heller til ’målform’ i nb-WP. ØysteinVangsnes (diskusjon) 17. november 2014 kl. 09:41 (CET)[svar]

Godt mogeleg det er tenleg å splitta opp artikkelen i to. Då artikkelen vart oppretta var han lenkja til både nb:målform og en:standard language. --Njardarlogar (ordskifte) 17. november 2014 kl. 19:37 (CET)[svar]